Førstekonsulent Tove Jensen Holmås og professor Tor Trolie er glade for at teaterarkivet er flytta og lettare tilgjengeleg. Trolie er mest nøgd med at ein kan følgja heile produksjonen – frå korrespondanse som har vore før stykket vart sett opp, til kritikkane som kom etterpå.

Den skjulte teaterskatten

Publisert

Ein gong var dei DNS-tilsette uroa for kva universitetslektor Knut Nygaard skulle ta med seg frå teateret. Denne veka opna UiB sitt teaterarkiv – med mange skjulte skattar – i nye lokale.

– Her er skodespelaren Johannes Brun. Og her er Adeline Werligh Hagerup, Edvard Grieg si svigermor. Ho var instruktrise på teateret.

Førstekonsulent Tove Jensen Holmås frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) viser veg inn i det nye teaterarkivet. Arkivet har eksistert sidan slutten av 1960-talet, men har vore flytta mykje rundt. Torsdag inviterte instituttet til nyopning – no er arkivet flytta til HF-bygget.

Manus, bilete og sceneskisser
Arkivet er nok mest kjent for å romma store Ibsen- og Bjørnson-samlingar.

– Men den store skatten er sufflørmanusa, seier Holmås.

– Her kan ein finna manuskript der sufflørane sjølve har notert med blyant. Me har òg gamle manus som er handskrivne. Skodespelarane fekk ikkje heile manus – det hadde ein ikkje råd til. Dei fekk berre sine eigne replikkar og så stikkord som gjorde at dei visste når dei skulle koma inn, fortel ho.

I arkivet finn ein òg korrespondanse mellom teatersjefen og manusforfattaren, ein finn bilete frå førestellingane, utklippsbøker og aviskritikkar.

– Og her er sceneskisser, seier Holmås, og viser fram ei stor teikning frå «Ugler i mosen « (1934).

Scenerommet er rissa opp, og alle rekvisittane merka med nummer. Det står notert kva som kan brukast frå eldre teaterstykke og kva som må skaffast.

– Eit eige kunstverk
– Det flotte er at ein kan gå inn på kva som helst stadium i prosessen. Ein kan sjå på korrespondanse, ein kan sjå på produksjonsprosessen og ein kan sjå på kritikken som kom etterpå. Det mest fantastiske er at ein kan sjå på instruktørane og finna ut kva anna dei har sett opp. Det same kan ein gjera med skodespelarane. Arkivet gir eit bilete av tida, ein kan studera kva som opptok folk og kva som var viktig i det kulturelle livet i Bergen.

Det seier Tor Trolie, professor i teatervitskap.

– Mange skjønar ikkje at teater er eit eige kunstverk. Det finst mange døme på at romanar vert gjort om teater, til dømes skreiv Gunnar Staalesen «Hellemyrsfolket» om slik at det skulle passa for scene. Men det manuskriptet han leverte inn, var òg bearbeidd, seier Trolie.

Han fortel om døme der Ibsen si Hedda Gabler vart skrive om slik at heile handlinga gjekk føre seg inne i Hedda sitt hovud, og ei oppsetting av Hamlet som begynte med slutten.

– Så kan ein stilla spørsmålet om desse grepa var vellukka og fungerte, smiler Trolie.

Nestoren
Trolie fortel om Knut Nygaard, litteraturvitaren som på 1960-talet tok initiativ til å oppretta eit teaterarkiv ved UiB.

– Nygaard var nestoren. Han var stadig nede på Den Nationale Scene og spurte «kva rekvisitt er det?». Då han kom ned der, sa dei tilsette til kvarandre at «no kjem Nygaard – ta vare på det de har», humrar Trolie.

Ein del av det som er i arkivet er gåver frå Det Dramatiske Selskab. Teaterarkivet rommar materiale frå Det Dramatiske Selskab heilt attende til 1794, og dessutan materiale frå Det norske Theater, Den Nationale Scene og Komediateateret i Bergen.

To gongar i året får arkivet materiale frå Den Nationale Scene. Av og til kjem òg inn private samlingar, til dømes fekk arkivet nyleg rollehefte og album etter skodespelar Eva Bergh.

Men sjølv om arkivet no har flytta og er lettare tilgjengeleg, er det ikkje slik at ein berre kan gå og leita sjølv.

– Forskarar og eventuelle andre som ønskjer materiale frå arkivet, må ta kontakt med meg. Det er viktig å seia at materialet berre skal brukast til forsking, det er sjølvsagt ikkje lov til å kopiera manus for å setja opp stykka, seier Holmås.

Vil digitalisera
– Flyttinga av teaterarkivet betyr at samlinga vert meir tilgjengeleg for dei som treng det – og det har vist seg å vera mange, seier Johan Myking, instituttleiar ved LLE.

Myking seier at arbeidsforholda er betre i dei nye lokala, og bygget som rommar samlinga meir synleg meir synleg.

– Eg er glad for at Eia kom med ei konstruktiv løysing til plassering, seier han.

Det neste steget er digitalisering.

– Dei samlingane me har, er viktige for LLE. Me diskuterer allereie digitalisering, seier Myking.

Powered by Labrador CMS