Mange vaksne nordmenn slit med søvnen. No kan dei få hjelp via Internett. Illustrasjonsfoto: aktivioslo

På jakt etter dei søvnlause

Publisert

Ein tredel av oss slit med søvnproblem, og ti prosent søv så dårleg at dei får diagnosen insomni. No tilbyr ei gruppe forskarar eit nytt behandlingsprogram via Internett.

– På sikt er målet at dette kan verta eit alternativ til sovemedisin. I dag vert søvnproblem stort sett behandla med medisinar. Det kan fungera for ein kortare periode – til dømes dersom ein har grunn til å tru at søvnen snarleg vil verta betre. Men dei fleste sovemedisinar er vanedannande og misser effekten etter om lag ein månad. Då må ein auka dosen.

Det seier Øystein Vedaa. Han er psykolog, forskar ved Folkehelseinstituttet og stipendiat ved UiB. No er han med i forskargruppa som tilbyr ein ny type behandling for dei som slit med søvnproblem. Behandlinga skjer via Internett.

Begynte i USA
Ein tredel av vaksne nordmenn slit med søvnen. Nokre ligg i senga i timevis før dei sovnar, andre vaknar lett og klarar ikkje å sovna att, og nokre vaknar svært tidleg og klarar ikkje å sovna att. Enkelte har alle desse symptoma. Ti prosent av oss slit så mykje med søvnen at ein kvalifiserer til diagnosen insomni.

– Det fører for det første til redusert livskvalitet, men det har og samfunnsøkonomiske konsekvensar. Mange tek ein sjukedag fordi dei har sove så dårleg og føler seg så trøytte og lite utkvilte at dei ikkje orkar å gå på jobb, seier Vedaa.

Psykologen seier at ein veit at psykologisk behandling er det som fungerer best mot søvnløyse. Men kompetansen til å gi slik behandling er dårleg spreidd geografisk – tilbodet finst i hovudsak i dei store byane, og særleg i Bergen.

Men no kan alle som slit med søvnen få hjelp. Eit nytt verktøy på Internett skal hjelpa dei søvnlause.

– Ein byrjar med å ta ein test. Dersom ein får eit resultat som peikar i retning av at ein har insomni, vert ein oppmoda om å ringja oss. Deretter får ein tilgang på nettprogrammet som på bakgrunn av logaritmar skreddarsyr behandlinga og anbefalingane du få, seier Vedaa.

Det er første gong behandlinga vert brukt i Noreg. Opplegget er utvikla av forskarar i Virginia i USA.

– Det viser seg å vera effektivt, seier Vedaa.

Skal berre sova i senga
Behandlinga er delt i seks bolkar og går over seks veker. Før ein byrjar skal ein føra søvndagbok i to veker. Slik reknar programmet ut kva som er problemet, og kan laga ein plan for den enkelte.

– Det eine ein skal jobba med, er søvnrestriksjon. Dersom ein person legg seg klokka 23, men ikkje sovnar før klokka 2, og deretter står opp klokka 7, har han eller ho ein søvneffektivitet på berre vel seksti prosent. Når ein oppheld seg så mykje tid vaken i senga lærer hjernen og kroppen  å assosiera senga med å vera vaken. Dersom ein søv i berre fem timar, går behandlinga ut på at ein den kommande veka berre får ligga i senga i desse fem timane per natt. Då er ein som regel så trøytt når ein legg seg at ein vil sovna raskare. Så aukar ein liggetida med tjue minutt kvar veke til ein har oppnådd ønska søvntid, forklarar Vedaa.

Psykologen seier at det er nokre ting som er viktig for å få betre søvn: Ein må stå opp til same tidspunkt kvar dag, ikkje lata seg sjølv sova lenger i helgene for å ta att det tapte. Når ein har insomni må ein heller ikkje falla for freistinga til å sova om ettermiddagen. Då stel ein frå nattesøvnen komande natt – ein tek ikkje att noko ein har tapt. Kva ein et og drikk før ein legg seg og når på døgnet ein er fysisk aktiv, er òg noko som kan spela inn på søvnkvaliteten. Det same kan tankane ein har om søvn og søvnkvalitet gjera.

– Det er viktig at kroppen og hjernen lærer å assosiera senga med det å sova, og dersom ein ikkje får sova, må ein stå opp att og vente med å legge seg til ein er søvnig nok. Det er berre soving og ein annan romantisk aktivitet som skal skje på soverommet, seier Vedaa.

Flest kvinner
Behandlinga skjer utan oppfølging av terapeut. Etter seks veker skal ein ta den same testen som ein tok før ein begynte.

– Kven er det som har søvnproblem?

– Insomni-diagnosen er stilt nærare dobbelt så mange gonger for kvinner som for menn. Men me veit ikkje heilt kvifor det er slik – er det fordi kvinner har høgare risiko for å slita med søvn, eller er det fordi dei oftare rapporterer å ha søvnproblem? Me veit heller ikkje kvifor nokon ikkje får sova – det kan skuldast gener og det kan skuldast vaner som er lært.  Men me ser at det er mange som søv dårlegare når dei vert eldre, dei søv lettare og vaknar fleire gonger i løpet av natta.

Det nye behandlingsopplegget er berre retta mot vaksne. Både barn og ungdom kan slita med søvn, men har ofte andre typar problem.

– Det er òg viktig å seia at dei som slit med søvnen fordi dei jobbar skift, ikkje kan vera med, seier Vedaa.

Nettopp søvn og skiftabeid er noko han arbeider med i doktorgraden sin.

Powered by Labrador CMS