Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med den prestisjetunge Changjiang Scholar Award i lomma er UiB-professor Thomas Ågotnes klar for fem år i den kinesiske forskningsfronten.
Etter ein lang og omstendeleg nominasjonsprosess fekk Ågotnes for nokre månader sidan ein telefon han ikkje heilt hadde trudd han skulle få.
– Ei stor glede, seier Ågotnes, som er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap.
Prisen, Changjiang Scholar Award, blir gitt av det kinesiske utdanningsdepartementet til kinesiske og, langt sjeldnare, utanlandske forskarar som utmerkar seg internasjonalt i sitt fag. Som om ikkje dette var nok, skøyta universitetet Southwest University (SWU) i Chongqing på prisen finansielt. Dermed kan Ågotnes sjå fram til fem år som gjesteprofessor ved SWU.
På universitetet i Kina skal han mellom anna vere med å bygge opp eit nasjonalt forskingssenter for logikk og kunstig intelligens.
Kina er som kjent i rivande utvikling, og forsking har høg prioritet.
– Det er ei stor oppblomstring og interesse for fagfeltet mitt i Kina. Kort sagt arbeider eg med teoretisk grunnforsking, der vi med matematiske metodar ser på eigenskapar i ulike logiske system. Vi ser på kor godt dei kan fungere og kor grensene for dei går, seier Ågotnes.
Det er ikkje alltid like enkelt å skape forståing for at eit så abstrakt fag også kan ha heilt konkret samfunnsnytte. Men forskinga dannar i sin tur viktig grunnlag for utvikling av kunstig intelligens, med alle sine variantar.
– Eg ser ein trend der teoretisk grunnforsking er i ferd med å hamne i bakgrunnen til fordel for meir bruksretta forsking. Det bekymrar meg, for grunnforskinga er svært viktig. Det er fundamentet for alt det andre, seier Ågotnes.
Ågotnes er langt ifrå nokon nykomling i Kina og har alt hatt bistillingar på universitet i landet i fem år. I 2015-16 hadde han forskingspermisjon frå UiB og arbeidde ved Zhejiang University.
Det begynte med at ein kinesisk doktorgradsstudent i Noreg inviterte han med på ein konferanse i Kina. Ågotnes heldt foredrag, og det førte vidare til ei bistilling på universitet.
– Eg har reist mykje rundt i Kina og knytt mange kontaktar. Eg håper eg kan bidra til å knyte band mellom UiB og SWU, seier han.
Ågotnes seier han er glad for at det politiske forholdet mellom Noreg og Kina er tint opp. I fleire år var den politiske kontakten nær null, etter at den kinesiske demokrati- og menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo var tildelt Nobels fredspris.
– For meg personleg i arbeidet mitt har situasjonen aldri skapt problem, seier Ågotnes.
Han har alt vore Kina for setje i gang arbeidet med det nye forskingssenteret han skal vere med å bygge opp, og det blir ikkje lenge til han drar tilbake.