Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
To forskarar ved NTNU samla inn data utan å informere pasientane om formålet. No må dei betale til saman 40 000 kroner i bøter.
Denne veka vart Carl-Fredrik Bassøe og Anders Grimsmo dømte i Sør-Trøndelag tingrett for å ha henta inn helsedata utan at pasientane blei tilstrekkeleg informert om kva dei var med på.
Dei vart også dømde for å ha gjort dataa tilgjengeleg for andre forskarar ved NTNU, melder Universitetsavisa.
– Vi er godt nøgde. Det er første gong eit slikt spørsmål blir prøvd for retten, og dommen er viktig fordi den klargjer vernet pasientar skal ha når dei går til fastlegen med sensitive opplysningar, seier politiadvokat Charlotte Aspehaug ved Sør-Trøndelag politidistrikt til Adresseavisen.
Sensitive pasientopplysningar
I alt er et snakk om 116 000 pasientjournalar frå 21 legekontor. Då saka vart avdekka i 2010, fekk Norsk senter for elektronisk pasientjournal (NSEP) flengande kritikk for å ha misbrukt pasientopplysningar. NTNU var ansvarleg institusjon for studiane og doktorgradsarbeida som dataa vart brukt til.
Ifølge ein rapport frå Datatilsynet vart elektroniske pasientjournalar frå primærhelsetenesta lagra ukryptert og usikra. Det vart heller ikkje henta inn samtykke frå kvar enkelt pasient om at informasjon om deira fysiske og psykiske helse kunne brukast i forskinga.
I dommen vert det slått fast at av både individual- og allmennpreventive årsaker er det nødvendig med ein tydeleg reaksjon når reglane for personsensitiv informasjon vert brote.
Til saman 40 000 kroner i bøter
Bassøe er ikkje lenger professor ved NTNU, men må betale ei bot på 30 000 kroner. Grimsmo er framleis professor ved institusjonen. Han blei dømt til å betale 10 000 kroner i bot.
Dei to har heile tida hevda at dei ikkje har bryte lova.
Dette er lågare enn kva aktor bad om i utgangspunktet.