Prosjektet Arven etter Nansen skal gje ei betre forståing av eit arktisk klima- og økosystem i endring. Foto: Wikimedia

Føreslår 20 nye millionar til «Arven etter Nansen»

Publisert

Regjeringa føreslår å gje 20 millionar ekstra til forskingsprosjektet Arven etter Nansen. Med det kan budsjettet vera oppe i 800 millionar kroner.

– Me er kjempeglade for at regjeringa sluttar opp om prosjektet som har vore jobba med gjennom mange år. Det er ei viktig satsing for Noreg og vår forståing for det nordlege Barentshavet, seier styreleiar i Arven etter Nansen, Kenneth Ruud ved UiT. 

Arven etter Nansen er eit samarbeidsprosjekt mellom ti norske institusjonar og skal retta stor forskingsinnsats mot Nordområda. 

– Hensikta er å undersøka dei områda som kan tenkast å bli isfrie som følge av klimaendringane, slik at me til dels kan forstå kva prosessar som føregår, og kva konsekvensar det har på dyreliv og biodiversitet. Me vil også sjå på korleis me eventuelt kan driva berekraftig forvalting av ressursane i dei områda, seier Ruud.

Les også: Vi kan ikke gamble med nordområdene

60 millionar frå myndigheitene

I budsjettet for 2017 løyva stortinget 10 millionar i oppstartsmidlar til prosjektet. I ein budsjettlekkasje til På Høyden seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at regjeringa føreslår 20 nye millionar kroner i neste års budsjett.

Det utløyser same sum frå Noregs Forskingsråd, ifølge regjeringa - noko som betyr at finansieringa frå myndigheitene då er på 60 millionar kroner i året. Denne summen skal matchast av dei deltakande forskingsinstitusjonane.  

– Det som måtte til for at prosjektet skal sikrast på ein god måte er at det statlege bidraget kjem opp til 60 millionar som me føreslår no, seier Røe Isaksen. 

Han seier det er trong for eit prosjekt som synleggjer Noregs ansvar for forsking og forvalting i Arktis. 

– Det har vore ei sterkt aukande interesse for nordområda det siste tiåret. Nordområda er sentrale både for næringsutvikling, forsking på løysingar for klima og miljøproblem, og med tanke på ressursforvalting. Det er eit pluss at det er eit godt samarbeidsprosjekt fordi så mange av institusjonane er med, meiner kunnskapsministeren.  

Les også: Erna Solberg lover penger til de marine miljøene

Nytt forskingsfartøy sentralt

Det nye isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» er sentral i planane til forskingsprosjektet. 

– Det viktigaste med dette løftet er at det sikrar at me skal bruka eit dyrt og nytt forskingfartøy på riktig måte, men det er også eit løft for maritim og marin forsking - og for forsking-Noreg generelt, seier Røe Isaksen.

Prosjektet er planlagt til å gå over seks år. 

– Det er eit fantastisk eksempel på sakssamarbeid. Desse institusjonane ser at dette er ei så stor utfordring at me må slå oss saman og bruka det beste me har av kompetanse frå heile landet, seier Kenneth Ruud. 

Han håpar at løyvinga vil bli vedteke i Stortinget. 

– Dette er eit prosjekt som har vore utvikla i rundt fem til seks år, og det er gjort ein grundig gjennomgang av kva som må gjerast. Med denne finansieringa trur eg me kan nå dei måla som er sett.

Arven etter Nansen

Arven etter Nansen er en ambisiøs forskningsplan for Barentshavet. 

Deltakere: 

  • Havforskningsinstituttet
  • Meteorologisk institutt
  • Norsk Polarinstitutt
  • NTNU
  • UiT Norges arktiske universitet
  • Universitetet i Bergen
  • Nansen-senteret
  • Akvaplan-Niva
  • Universitetet i Oslo
  • Universitetssenteret Nansen-senteret på Svalbard

Prosjektet rommer grunnforskning for å sikre:

  • en mer helhetlig forståelse av et arktisk klima- og økosystem i endring
  • at Norge tar ansvar og lederskap for forskning og forvaltning i Arktis
  • økt sikkerhet i værvarsling og varsling av isforhold, bølger og ising, for trygg navigasjon og operasjon i nordområdene
  • nasjonalt samarbeid og bedre utnyttelse av kunnskap, utdannings- og forskningsressurser – inkludert formidling til publikum og rekruttering av en ny generasjon polarforskere.

Les mer om prosjektet og inspirasjonen fra Nansen her 

Prosjektets nettside hos UiT

Kilde: Bjerknessenteret

Powered by Labrador CMS