Forskingsfest med fokus på fremtid

Publisert

Fredag 17.september går startskotet for årets forskingsdagar som har tema “På sporet av fremtiden”. For første gong blir kunnskapsfesten arrangert på Banco Rotto og Vågsallmenningen.

Vindmøllepark, kokkekamp, tannfe som sjekkar nyfelte melketenner, mammografibuss og utebandy er berre noko av det ein kan finne på Vågsallmenningen lørdag 18.september, som er åpen dag. Inne på Banco Rotto blir det ei rekke forskingsstasjonar og foredrag – og heile ballet blir opna av Herman Friele og rektor på Høgskulen i Bergen (HiB), Eli Bergsvik.

Fra UiB deltek mellom anna Eike Wehling med eit foredrag om gløymske, og kva som er normalt å gløyme. Førsteamanuensis Thor Øyvind Jensen skal snakke om det er slik at ny teknologi kan endre demokratiet, og Karianne Fjeld skal forelese om samanhengen mellom gener og tenner.

Newton-programleiar

Fredag er unge forskarar i fokus og Unni Eikeseth frå Newton-programmet på NRK står for opninga. 6. Og 10. klassingar deltek på skuledagen der dei presenterer sine eigne forskingsprosjekt, vitjar forskingsstasjonar og får høyre forskarar fortelje om sine oppdagingar. Blant dei spennande skuleprosjekta er til dømes femten sjetteklassar som har fått i oppgave å bygge kvar si bru av spaghetti. På skuledagen skal den beste konstruksjonen kårast.

I tillegg til skuledag og open dag for alle arrangerer Forskingsdagane også byvandring, vitskapskafé og ope seminar. På vitskapskaféen blir det debatt mellom Egil Lillestøl, UiB, og Mads Grahl-Madsen, HiB, medan seminaret skal fokusere på naturgass. I tillegg skal unge studentar frå HiB reise rundt til utvalgte skular i Hordaland med kunnskapsekspressen ”Einstein”.


Banco Rotto meir eigna

Forskingsdagane blir i år større enn nokon gong før. Heile 700 skulelevar får plass i lokala på Banco Rotto. Ei auke på fleire hundre.

- Flyttinga frå Zachariasbryggen til Banco Rotto er heilt klart eit løft for Forskingsdagane. Lokala er betre eigna og tek fleire tilhøyrarar enn Zachen, seier Monika Sandnesmo og Eivind Olsvik. Sandnesmo er koordinator for Forskingsdagane ved UiB og Olsvik er prosjektleiar for Forskingsdagane.

Høgskolen i Bergen har i år hatt ansvaret for Forskingsdagane for første gong. UiB har hatt vertskapsrolla heilt sidan Forskingsdagane vart starta for seks år sidan. No er det meininga at ansvaret for Forskingsdagane skal gå på rundgang mellom ulike institusjonar i Bergen – og Høgskulen vil truleg også stå som arrangør til neste år. Ti institusjonar i Bergen er med å arrangere Forskingsdagane.


Stort engasjement ved Høgskolen

- Vi trur det blir eit enestående arrangement som er spekka med interessante ting. Dette gjeld både skuledagen, den opne dagen laurdag og dei andre arrangementa, seier Eivind Olsvik. Han fortel at engasjementet for Forskingsdagane er svært stor ved Høgskolen og trur heilt klart at flyttinga av vertskapsrolla frå UiB til HiB gjer at både administrasjon og fagleg tilsette involverer seg på ein annan måte.

- Dette gjev mange positive ringverknader for Høgskolen, men vi merkar jo også at det inneber mykje jobb – og det skal også nemnast at vi har fått god oppfølging frå UiB, avslutter Eivind Olsvik, som har travle dagar fram mot oppstarten 17.september.

Powered by Labrador CMS