Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB droppar hubroen for å bli meir internasjonale. Forskingsmagasinet til UiB endrar namn frå Hubro International til The UiB Magazine.
UiB har sidan 2012 publisert eit nummer av forskingsmagasinet sitt, Hubro, på engelsk. Magasinet har blitt distribuert til internasjonale kontaktar, som samarbeidsuniversitet, forskarar og studentar.
– Å skifte namn var eit av grepa vi bestemte oss for tidleg, då vi såg på dette i fjor. Vi kan like godt plassere merkevaren vår, UiB, i namnet, seier redaktør Sverre Ole Drønen.
Magasin for 700 000
I Bergen og Noreg er det meir kjent at UiB har ei ugle som sit på sju fjell i emblemet sitt. Mens ugla i vår kultur er sett på som eit symbol for visdom og kunnskap, er ho i andre kulturar knytt til dauden.
Opplaget til The UiB Magazine ligg no på 8000, mot 6000 for det første nummeret. Budsjettet for det engelskspråklege nummeret og dei tre norske er 700 000 for eitt år. Då er interne kostnader som løn ikkje rekna med.
Velskriven informasjon
– Vi har fått ei rimeleg god oversikt over kven som er interesserte i det, og distribuerer det til alle våre samarbeidsuniversitet, både til leiinga og kontora som sendar studentar til utlandet, fortel Drønen.
Andre som får magasinet er norske utenriksstasjonar, og eit utval beslutningstakarar og samfunnsaktørar i Noreg.
– Forskingsmiljøa brukar magasinet i aukande grad når dei skal ut, og det blir delt ut under internasjonale konferansar her i Bergen. Vi ser absolutt verdien av å ha generell, velskriven informasjon om UiB.
Positiv respons
Effekten av eit trykt magasin som blir distribuert til heile verda er vanskeleg å måle, men kommunikasjonsavdelinga får ein del tilbakemeldingar.
– Folk legg gjerne merke til magasinet fordi vi har jobba ein del med designen. Og dei tilbakemeldingane vi får er i alle fall positive.
Oppslag gir oppslag
The UiB Magazine er marknadsføring av UiB i enda større grad enn Hubro.
– Den norske utgåva er litt meir allmennretta. I den engelske utgåva er målet å vise fram dei framste forskingsmiljøa våre. Det treng vi ikkje å gjere i Hubro i like store grad, for der kjenner publikum forskingsmiljøa våre, seier Drønen.
Kommunikasjonsavdelinga seier heller ikkje nei takk dersom det blir nokre oppslag i internasjonale medium av det.
– Når vi klarer å få gjennomslag for ei sak i internasjonale medier, opplever vi at det kjem fleire saker om UiB etterpå.