Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Ei dårleg førebudd utlysing, meiner Jostein Gripsrud, medieprofessor og søkar til stillinga som professor i forskingsformidling.
Etter planen skulle UiO tilsette ein professor i forskingskommunikasjon i løpet av 2014, melder Uniforum.no.
Planen til universitetsleiinga var at ferske forskarar skulle få hjelp til å bli dyktige formidlarar.
– Professoratet skal hjelpa nye forskarar til å koma tidleg i gang, sa rektor Ole Petter Ottersen til forskning.no då han fortalde at UiO ville tilsette ein professor i forskingskommunikasjon.
Fekk ikkje til likeverdig søkarbehandling
Slik blir det ikkje likevel. No har dei 28 søkarane fått beskjed om at det ikkje blir noko av det utlyste professoratet. Grunnen er at UiO ikkje klarer å finne ut korleis dei skal gjennomføre tilsettinga.
I eit brev grunngjev UiO avgjerda om å trekkja heile utlysinga med at «det er store utfordringer med en forsvarlig, faglig og forvaltningsmessig korrekt prosess.» Brevet er underteikna av både rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.
– Det var for stor fagleg spreiing mellom søkjarane til at me kunne få til ei likeverdig behandling, fortel Ottersen.
Han har ikkje klart for seg om UiO vil starte på nytt med ei ny utlysing.
– Har kasta vekk tid
Ein av dei 28 søkarane er medieprofessor Jostein Gripsrud frå UiB. Han er lite nøgd med måten UiO har handtert prosessen på.
– Det har vore ein underleg prosess. Då eg sende inn søknaden min i haust fekk eg ei automatisk melding om at søknaden var mottatt. Midt i februar fekk eg så ein epost der ein person, som i strid med engelsk rettskriving kalla seg «advicer», opplyste at dei hadde store problem med å finna ut korleis dei skulle handtera prosessen rundt tilsetjinga, seier Jostein Gripsrud til Uniforum.
– Det skjedde ikkje i mitt tilfelle. I går fekk eg så brevet som informerte om at heile formidlingsprofessoratet var skrinlagt, seier Gripsrud.
– Det er pinleg at utlysinga ikkje var betre førebudd. Mange folk har kasta bort mange timar på å skriva søknader, slår han fast.
Profilerte søkarar
På søkarlista var Nina Witoszec frå Senter for utvikling og miljø, UiO, forskar Bjørn Samset frå Cicero, sivilingeniør Jo Røislien frå Discovery Channel og NRK, førstekonservator Vidar Enebakk frå Teknisk museum og førsteamanuensis Harald Hornmoen frå Høgskulen i Oslo og Akershus.
Personar frå Frankrike, Nederland og USA søkte også stillinga.