Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For sju år sidan mista Milena Penkowa jobben ved Københavns Universitet. No ryk doktorgraden også.
– Det er heilt usedvanlig og ekstraordinært at ein forskar mistar sin doktorgrad, seier Jasper Steen Winkel, visedirektør ved Københavns Universitet til dansk TV2.
«Tildeling av ein doktorgrad er ei stor akademisk utmerking som vitnar om høg fagleg truverdigheit, på same måte som den er ei utmerking for betydeleg vitskapleg innsikt og modenheit. Desse føresetnadane har ikkje Milena Penkowa levd opp til», slår Akademisk råd fast i ei pressemelding.
Det er Akademisk råd som tildeler doktorgrader, og det er også dei som kan trekke doktorgrader tilbake.
– Eg kan ikkje hugse at dette har skjedd tidlegare, seier visedirektøren til Politiken.
Ho disputerte først i 2003 disputerte Penkowa med ei avhandling der mellom anna dyreforsøk var ein del av metoden. Desse dyreforsøke som Penkowa viste til i avhandlinga, hadde aldri blitt gjennomført. For å dekke over jukset, skal Penkowa ha forfalska sentrale dokument, slo Østre Landsrett fast i september i 2016. Ho blei likevel frifunne frå anklagen om grov dokumentforfalsking.
Viss fakultetet hadde visst om at forsøka for forfalska, ville fakultetet avvist å behandle den andre doktorgradsdisputasen som Milena Penkowa fekk doktorgraden for, skriv universitetet i pressmeldinga.
Hjerneforskar Milena Penkowa tok doktorgraden ved det helsevitskaplege fakultet i 2006. Her kan du lese Københavns Universitet si oppsummering av saka.
Avgjerda om den tapte doktograden kan ikkje påklagast. Ifølge Winkel kan Penkowa velje å gå til sak mot Københavns Universitet dersom ho ønsker å prøve saka for retten.
Og denne mulegheita har ho truleg tenkt å nytte seg av.
På hennar Facebookprofil skriv ho følgande: «Min advokat har gjort nøye rede for jussen, og har peika på at universitetet bryt reglane ved å gjennoføre denne fråtakinga…» «…vi kjem til å slåst i retten igjen, for eg vil ikkje finne meg i maktarroganse og maktmisbruk.»
Penkowa blei i 2015 dømt til betinga fengsel i ti månader.
Kjelder: Københavns Universitet, Forsking.no, Wikipedia