Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Regjeringa la i dag fram ny forskingsmelding der dei varslar auka satsing på forsking, særskilt realfag, og mange konkrete tiltak for å få dette til. Den blir svært godt motteken.
– Dette er veldig positivt, seier universitetsdirektør Kåre Rommetveit om Stortingsmelding nr. 20 (2004 -2005) som har fått navnet “Vilje til forskning”. Blant nyheitene i meldinga er at Forskingsfondet skal aukast til 50 milliarder kroner. Regjeringa går vidare inn for at den samla forskingsinnsatsen aukar til 3 prosent av BNP innen 2010, av dette skal ein prosent komme frå offentlege kjelder. Realveksten til forsking blir dermed på 5,8 milliardar kroner fram til 2010. Regjeringa vil satse særskilt på energi og miljø, helse, hav og mat, og på tre teknologiområde; materialteknologi, bioteknologi og informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Karrierestigen innanfor akademia skal få eit nytt trinn med ei ny mellomstilling etter post.doc som kan vare 4 til 6 år – og ende opp i professortittel. Ifølgje universitetsdirektør Kåre Rommetveit har Utdanningsdepartementet og forskingsdepartementet lytta til viktige innspel frå universitets- og forskarmiljøa og har ei aktiv haldning til å gjere heilt naudsynte forbedringar for å skape betre kår for forsking. Rommetveit viser mellom anna til at det er foreslått at det skal bli lettare for utanlandske forskarar å komme til Noreg.
– Vi set ambisiøse mål for å gjere Norge til en leiande forskningsnasjon, sa utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet på pressekonferansen. Clemet fortalde at regjeringa vil satse på tre hovudområde fram mot 2010. Desse er internasjonalisering, grunnforskning og innovasjon. Når det gjeld internasjonalisering skal forskingssamarbeidet med EU stå sentralt, og det bilaterale samarbeidet med Nord-Amerika og Asia skal styrkast. Nasjonale fortrinn, som infrastrukturen på Svalbard og gode petroleumsforskningsmiljø skal utnyttast som plattform for internasjonalt samarbeid. Videre vil det bli lagt auka vekt på forsking i utviklingspolitikken.
Grunnforskinga skal styrkast og ordningar som Sentre for framifrå forsking og Yngre famifrå forskarar vil bli utvida. Forskinga innanfor matematikk, naturvitenskap og teknologi skal prioriteres spesielt. Tiltak for nyskaping og innovasjon skal prioriterast, både i offentlig sektor og i næringslivet. Forsking for fornying av offentlig sektor skal styrkast.
Satsar på energi og miljø
Det skal opprettast fleire stipendiat- og postdoktorstillinger. Høvet til forskingsopphald i utlandet skal bli betre mellom anna gjennom toppfinansiering av EUs stipendordningar. Det vert også lagt opp til ei ny ordning for å dekke behov for små driftsmidlar til pågåande forsking.
Meldinga varslar også ei rekke tiltak for å auke forskingsinnsatsen i norsk næringsliv. Nye ordningar omfattar mellom anna etablering av ei ordning med Sentre for forskningsdriven innovasjon, der forskningsmiljø og næringsliv går saman om langsiktig forsking av stor betydning for norsk næringsliv. Det vil også bli oppretta ei ordning med nærings-ph.d
– Vi har blitt lytta til
Eit anna godt tiltak er at gåver på over fem millionar skal utløyse ei løyving på 25 prosent av gåvas verdi frå Staten. Det tyder at dersom UiB fekk 300 millionar frå Trond Mohn i 2004 vil dette utløyse 75 millionar frå staten. Universitetsdirektøren trur at gåva frå Mohn har bidratt til å setje fokus på donasjonar. Rommetveit er også glad for at meldinga varslar auka satsing på grunnforsking, slik at universiteta kan balansere verksemda si mellom oppdragsforsking og grunnforsking.
Direktøren er også svært tilfreds prioriteringane i meldinga og at dei overordna temaområda som skal styrkast overlappar UiB sine satsingsområde.
Prorektor Rune Nilsen kallar meldinga gledeleg, både når det gjeld dei ambisiøse måla og viljen til forsking, så vel som konkrete tiltak for å få dette til. Han meiner meldinga gir massiv støtte til strategiarbeidet ein har dreve ved UiB dei siste åra og meiner den nasjonale forskingsmeldinga gjenspegler tenkinga ved UiB, både tematisk og strategisk. Mellom anna varslar Regjeringa at dei ønsker kvalitet over heile linja og ikkje vil komme med fleire spissa elitesatsingar i nær framtid.
– Dette er i tråd med slik vi tenker. Når vi seier at vi vil ha kvalitet i bredden tyder ikkje det at folk skal forske individuelt, men at det skal dannast tverrfaglege miljø av høg kvalitet, seier Nilsen som elles særleg applauderer satsinga på realfag og er glad for at forsking i større grad enn før skal vere ein del av verksemda til Utanriksdepartementet.