Forskingsmeldinga: Grønmo gjev tommelen opp

– Ei interessant forskingsmelding med mykje positivt innhald, seier rektor Sigmund Grønmo om Meld St. 18. Men han følte seg ikkje spesielt truffe av Halvorsen sin kritikk av midlertidige tilsettingar.

 

Statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen fekk nok ei oppmoding om å løyve pengar til ny aula då dei gjesta Bergen. (Foto: Ida Bergstrøm)

 

Fredag 8. mars vart forskingsmeldinga med tittlen «Lange linjer – kunnskap gir muligheter» lagt fram i Egget av statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Særleg nøgd er Sigmund Grønmo med at regjeringa vil legge langtidsplanar for norsk forsking.

– Tiårige langtidplanar som regjeringa no legg opp til er viktig for å kunne fungere langsiktig, seier rektor Sigmund Grønmo til På Høyden.

Den første langtidplanen vil vere klar hausten 2014.  Den vil skissere regjeringa si linje for forsking og høgare utdanning. Planen vil også handle om korleis regjeringa ønsker å prioritere pengar til bygg, forskingsinfrastruktur, stipendiatar og studieplassar.

Sigmund Grønmo er ein av fleire som gjev tommelen opp for den nye forskingsmeldinga. Også UiO-rektor Ole Petter Ottersen, Petter Aaslestad, leiar i Forskarforbundet, Jan I. Haaland, styreleiar i Universitets- og høgskulerådet uttrykker ifølge Uniforum at forskingsmeldinga er gode nyhende

Ny veg til fast jobb
Eit av dei nye tiltaka i meldinga er 300 innstegstillingar som skal opnast for yngre forskarar i matematisk-naturvitskaplege fag, teknologi, medisin og odontologi. Dette vil vere stillingar med ein tilsettingsperiode på mellom fire og seks år. Etter at denne perioden er over kan ein ha rett på fast jobb. Såkalla «tenure track» har internasjonalt vore ein vanleg veg til fast stilling i akademia.  

Ifølge forskingsmeldinga er talet på doktorar som vert professorar fallande. Tal frå NIFU viser at av dei som tok doktorgrad i 1988, vart 14 prosent professor innan fem år. Dette gjaldt berre to prosent av dei som tok doktorgraden i 2004.

Innstegstillingane er også tenkt å vere ein karriereveg som kan vere attraktiv i konkurreranse med andre næringar, slik at akademia klarer å halde på særs talentfulle kandidatar. Samtidig er dette ifølge forskingsmeldinga eit høve til å sjå om doktorandane faktisk er dyktige nok til å få fast stilling.

Dette er ei ordning Sigmund Grønmo helsar velkommen.

– Vi har gått til val på at vi gjerne vil ha «tenure track» på dei fagområda som no er valt ut. Dette har regjeringa vore i mot før, så vi er glade for at dette no skal innførast. Det gjenstår å sjå korleis overgangen frå innsteg til fast stilling vil fungere, seier Sigmund Grønmo.

Klar oppmoding til UiB?
I forskingmeldinga seier regjeringa at sjølv om talet på midlertidige er redusert med tre prosentpoeng sidan 2006, er rommet for forbetringar stort. Då forskingsmeldinga vart lagt fram sa Kristin Halvorsen at «noen» har en dårlegare personalpolitikk enn andre, og at ein handlingsplan mot midlertidighet kan verte krevd frå institusjonane. For dei institusjonane som ikkje gir fast jobb til fleire, kan det vere aktuelt med økonomiske sanksjonar.

«Den manglende forutsigbarheten i en slik tilsettingsform er et problem for mange tilsatte og og kan svekke rekrutteringen ved at de best kvalifiserte ikkje vil satse på en forskerkarriere i sektoren», står det i forskingsmeldinga. Og UiB ligg nest dårlegast an i landet: 24,4 prosent av dei vitskapleg tilsette ved UiB har ikkje fast jobb, viser tal frå SSB.

– UiB er nest verst i klassen for midlertidig tilsetjingar. Ein kan tolke Kristin sitt retoriske «noen» som at det er ein klar beskjed med adresse UiB. Kva tenker du om det?

– Vi følte oss ikkje veldig truffe. Vi er enige med Kunnskapsdepartementet i at midlertidighet er eit problem. Det er også eit problem at det for mange midlertidige forskerstillingar og universitetslektorstillingar, altså ikkje kombinerte stillingar. Vi er samde i at det må takast grep her. Utgangspunktet til leiinga er linja til Kunnskapsdepartementet. Men det er fakulteta som har hand om tilsettingar. Som leiing kan vi bruke dei midlane vi rår over, og akseptere at det kan vere naudsynt med ein handlingsplan her, seier Grønmo. 

– UiB går gjerne i dialog
– I større grad enn tidlegare er denne forskingsmeldinga knytta til utdanninga. Vi er særleg interesserte i å ha ein vidare dialog med departementet når det gjeld gjennomgangen av finansieringsordninga ved UiB. Det er viktig å finne ein riktig balanse mellom ordninga for basisfinansiering på den eine sida og komponentar som legg særskilt til rette for kvalitet på den andre sida, seier Grønmo. 

– Dette er nytt. Eg er nøgd med at dei ser behovet for å gå i dialog med institusjonane sjølve.

 – Jens Stoltenberg sa at det vil kome meir pengar, men var han etter ditt syn for lite konkret med tanke på tal?  

– Forskingsmeldinga er ikkje et dokument for å spesifisere ressursar og løyvingar. Vi får ta det for alt det er verdt at han lovar meir pengar. Dei bør starte alt med revidert budsjett i år, seier Sigmund Grønmo.

 

Powered by Labrador CMS