Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Når det kjem til innovasjon i offentleg sektor har vi mykje å hente, sa Kristin Halvorsen då ho lanserte forskingsmeldinga. Men korleis ordninga med offentlege ph.d-ar faktisk vil verte, heng framleis i det blå.
«For å legge til rette for innovasjon i næringslivet og offentlig sektor vil regjeringa få utgreia ei ordning tilsvarande nærings-ph.d-ordninga også for offentlege verksemder», står det i den ferske forskingsmeldinga som vart presentert i Egget fredag. Statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen trakk fram nyhenda om at regjeringa vil etablere ei doktorgradsordning i samarbeid med det offentlege som eit av dei sentrale tiltaka i meldinga. – Forbetring av offentleg sektor Kva meinte ho med det? – Den overordna målsettinga med ph.d-ar i offentleg sektor er å støtte sektoren sitt arbeid med forbetring gjennom målretta og praksisnære forskingsprosjekt, seier statssekretær Elisabet Dahle i Kunnskapsdepartementet. Spleiselag Ordninga med offentlege ph.d-ar skal tilsvare ordninga som i dag finst for næringslivet. – Ei liknande ordning har vore etterspurt for offentleg sektor, seier Dahle. Eit av siktemåla med dei offentlege ph.d-ane er ifølge Dahle å utdanne forskarar med spesiell kompetanse på forsking og utvikling i offentleg sektor. Dei vil også kunne vere med og bygge nettverkt og utveksle kunnskap mellom offentlege institusjonar og forskings- og innovasjonsmiljø, seier ho. – Kvar ser de for dykk at desse skal tilsettast? – Offentleg sektor-ph-d. er tenkt som ei ordning der offentlege aktørar delfinansierer eit doktorgradsløp for eigne tilsette på kunnskapsområder for verksemda. Kandidatane vil difor vere tilsette i offentleg sektor. Statsministeren ber om meir samarbeid Statsminister Jens Stoltenberg etterlyser eit tettare samarbeid mellom det offentlege og det private. – Forsking fortel oss kva verkemiddel vi treng for å løyse problema vi står overfor. Også når det kjem til verdiskaping er forsking avgjerande, sa Jens Stoltenberg då han lanserte forskingsmeldinga. …men ingen veit når – Finst det liknande ordningar i andre land? – I nokre land er nærings-ph.d-ordninga opna også for offentlege aktørar. I andre land har store offentlege aktørar utvikla eigne doktorgrader, som til dømes utdannings-ph.d i England. Erfaringar frå andre land vil vere ein sjølvsagt del av utgreiinga, seier Elisabeth Dahle. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen la fram forskingsmeldinga i Egget fredag. (Foto: Ida Bergstrøm)
– Vi vil utgreie ei ordning med offentlege ph.d-ar, sa Kristin Halvorsen då ho lanserte forskingsmeldinga.
I 2008 etablerte regjeringa ei ordning for ph.d-ar i næringslivet. Desse doktorgradene er eit samarbeid mellom bedrifter og myndigheiter, som kvar bidrar med 50 prosent av finansieringa. Spleiselaget vert av statssekretæren omtala som ein suksess.
Med rundt 44 prosent av total forskings- og utviklingsinnsats er næringslivet den største bidragsytaren til forsking og utvikling i Norge. I 2011 utførte næringslivet FoU for nesten 20,1 milliardar kroner, viser tal frå forskingsmeldinga. Det er dei største bedriftene som står for mesteparten av forskingsaktiviteten.
Ifølge Dahle er det uklart når dei første ph.d-kandidatane vil vere på plass. Først skal ordninga utgreiast.