Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB skal saman med NHH og andre partnerar sjå på framtida til velferdsordningar. Å teikne kart over kor stort ansvar folk meiner dei har for eiga inntekt er ein del av prosjektet.
Prosjektet <<Fairness, personal responsability and the welfare state>> (FPRWS) er eit av 14 prosjekt som får støtte av NORFACE.
Det er The Choice Lab ved NHH, med professor Alexander W. Cappelen, som er prosjektansvarleg for det heile, men også UiB er godt representert. Professor på Institutt for samanliknande politikk, Stein Kuhnle, er partnar på prosjektet. Med på laget er også Siri Gloppen og Cornelius Cappelen, som er høvesvis professor og postdoktor på same institutt. Cornelius Cappelen er tvillingbror til prosjektleiar Alexander W. Cappelen.
Bekymra for velferdsstaten i framtida
Utlysinga av prosjekta som NORFACE deler ut pengar til gikk på velferdsstaten si framtid.
– Det er ei generell bekymring både i Noreg og i resten av Europa i kva grad det er mogleg å oppretthalde velferdsstaten slik vi kjenner den. No ser vi store demografiske endringar og vi ser ei endring med meir privatisering. Spørsmålet er då korleis ein kan få denne velferdsstaten til å overleve når eldrebølgja slår til for fullt og vi får færre skattebetalarar, og kva som skal til for at folk skal vere villige til å støtte og oppretthalde velferdsstaten, fortel Kuhnle.
Kva haldningar har folk til personleg ansvar for eiga velferd og kva oppfattar folk som rettferdig fordeling av velferdsgode er berre nokre av spørsmåla dei skal forsøkje å finne svar på.
– Det kjem kanskje til å bli innstrammingar i velferdsstaten framover. Korleis tenkjer ein då kring personleg ansvar? Kva påverkar betraktningar kring personleg ansvar og folk si støtte til velferdsordningar? Det som er viktig når ein må stramme inn er i kva grad folk støttar opp om velferdsordningane. Får dei mindre oppslutting er det sannsynleg at det på sikt vil påverke velferdsstatens legitimitet, seier Cornelius Cappelen.
Skal lage <<ansvarskart>>
Hovudfokuset i FPRWS -prosjektet er å studere det personlege ansvarsbegrepet og i kva grad ein held folk ansvarlege for eigen situasjon, og korleis påverkar det støtta til ulike omfordelingsprogram. Under der har ein fleire underprosjekt som byggjer opp om den problemstillinga. Ein av dei tinga dei har tenkt å gjere er å gjere ei tverrnasjonal spørjeundersøking i utvalde europeiske land og USA.
– Det er fleire faktorar som kan forklare inntektsulikskap; rein flaks, innsats og talentnivå. Eit av delprosjekta går på å finne ut av i kva grad folk i desse ulike landa meiner at desse faktorane er rettferdige kjelder til ulikskap, seier Cappelen.
Mellom anna skal dei lage eit <<ansvarskart>> over Europa for å finne ut i kva grad ein held andre folk ansvarlege for eiga inntekt.
– Hovudpoenget er å sjå på folks rettferdspreferansar i ulike land med spesielt fokus på kva dei tenkjer om personleg ansvar og korleis desse preferansane påverkar dei store viktige preferansane om omfordeling av velferdsgodane. Kva er det som kan forklare at det mellom individ og land er nokon som støttar velferdsordningane medan andre gjer det i mindre grad, spør Cappelen.
For å finne svar på dette skal prosjektgruppa gjere felteksperiment, laboratorieeksperiment, reine spørjeundersøkingar og spørjeundersøkingseksperiment.
God norsk representasjon i prosjekta
Totalt kom det inn 192 skisser til fyrste runde av søknadsprosessen. Til slutt sat altså NORFACE att med 14 prosjekt som får stønad. To av dei har norsk prosjektleiar og tre andre har norsk partnar. Det seier litt om kvaliteten på velferdsforskinga i Noreg, meiner Kuhnle.
– Det er imponerande. Velferdsforskinga står sterkt i Noreg og i Skandinavia. Det har vore mykje meir offentleg støtte til denne typen forsking i skandinaviske land enn i mange andre, og vi har ein lang og god tradisjon med denne typen forsking her.
Til saman deler NORFACE ut 18 millionar euro til samfunnsvitskaplege forskingsprosjekt knytt til velferdsstaten si framtid. Kor mange av dei millionane som går til forskarane på UiB er framleis usikkert.
Tverrfagleg prosjekt
For å få støtte til prosjektet er det eit krav til å involvere forskingsinstitusjonar frå andre partnerland. I dette prosjektet er det eit samarbeid med Austerrike og Nederland. Like viktig som geografisk spreiing er det at prosjektet er tverrfagleg, meiner Cappelen.
– Det er veldig viktig at slike prosjekt er tverrfaglege og det er vi i høgste grad her. Dei andre er økonomar, medan vi tilhøyrer politisk statsvitskap. Dette prosjektet er ein fantastisk måte for oss å få vere med på ting vi elles ikkje ville hatt moglegheit til. Slik forsking er dyr å gjennomføre og det ville vore vanskeleg å gjere om vi ikkje var med i dette NORFACE-prosjektet, der vi får samarbeide med utruleg dyktige partnarar. The Choice lab, som er hovuddrivkrafta bak dette prosjektet og ansvarlig søker, er eit av dei ledande miljøa i verden på feltet eksperimentell økonomi.