Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Venstre vil løyva midlar til Centre for Climate and Energy Transformation i sitt forslag til statsbudsjett. – Eit slikt senter fyller det tomrommet som me treng for å laga god miljøpolitikk i Noreg, seier Trine Skei Grande.
Fredag var Venstre-leiar Trine Skei Grande på besøk i Bergen for å besøka sentrale aktørar innan klimaforsking og utdanning.
På UiB var temaet mellom anna det grøne skiftet og klimapolitikk. Skei Grande sa at ho sakna meir fagleg breidde når ein skal sjå på konsekvensar av miljøpolitikk.
I framlegg til alternativt budsjett har Venstre difor løyva seks millionar kroner til Centre for Climate and Energy Transformation ved institutt for geografi, som er leia av forskar Håvard Haarstad.
Senteret skal vera ein samarbeidsplattform som skal koordinera klimaforsking frå ulike disiplinar.
– Det er veldig kjekt at dei prøver å få det inn på budsjettet. Me håpar sjølvsagt at dette går, det hadde blitt ein slags kick-start. For å forstå den omstillingsprosessen me er inne i, treng me kunnskap frå ulike fagfelt, seier Haarstad.
Les også: Forskar fram oppskrift på klimavenlege byar
Har tatt utgangspunkt i naturvitskapen
Skei Grande meiner ein treng eit slik senter for å utvikla klimapolitikk i Noreg.
– Det er slike miljø som må løftast fram. Dei kan gje oss god faglege kunnskap for miljøpolitikken framover. Då treng me nettopp dei koplingane av ulike fagkompetanse. Dei fyller det tomrommet som me treng for å laga god miljøpolitikk i Noreg, seier Skei Grande.
Venstre-leiaren trur mangelen på slik kunnskap er eit universelt problem.
– Eg trur det er eit tomrom i veldig mange land. Klimakunnskapen har tatt utgangspunkt i naturvitskapen, og den har blitt heldt litt fast der. Viss me skal laga god politikk framover må me ha ein arena der forskarar møtest og ser på verknader av politikk ut i frå eit breiare fagleg perspektiv.
Våre forskingssatsingar er ikkje dei som er vanskelegast å få til saman med denne regjeringa
Skei Grande er optimistisk med tanke på å få gjennomslag for forslaget.
– For å seia det slik, våre forskingssatsingar er ikkje dei som er vanskelegast å få til saman med denne regjeringa. Det er mange ting som er vanskelegare. Så dette har eg håp om at me skal klara å få til.
– Stor sprik mellom partia
– Kva er det som er mest utfordrande i forhandlingane?
– Det er å finna dei gode klimatiltaka som faktisk verkar. Det trur eg blir kjempekrevjande. Det er stor sprik mellom partia på det. Det er ein stor jobb å finna det vippepunktet mellom oss som lukkast, seier Skei Grande.
Venstre føreslår også 2000 fleire studieplassar og 200 fleire stipendiatstillingar enn det som regjeringa la fram. Dei ønsker å flytta senter for krisepsykologi til UiB med ei løyving på ti millionar kroner, og de vil også smørja overgangen til ny finansieringsordning, slik at institusjonane går i null.
– Me har føreslått å smørja overgangen med ganske mange millionar. Me vil at dei gamle universiteta skal behalda dei det får frå regjeringa, men justera litt slik at dei nye institusjonane ikkje går i minus. Viss me klare å smørja overgangen er det ikkje sikkert ordninga blir så urettferdig i framtida som den vart no det første året.
Einige om høgare utdanning
KrF føreslår også 2000 nye studieplassar og vil også letta overgangen til nytt finansieringssystem med å kompensera dei som går tapande ut.
Ap føreslår 3000 fleire studieplassar og 100 fleire stipendiatstillingar i sitt forslag.
Venstre og Skei Grande trur heller ikkje desse tinga vil by på store utfordringar i forhandlingar med regjeringa.
– Me har fått i gjennom fleire studieplassar og stipendiatstillingar kvart einaste år, så dette er ikkje det dei er riv ruskande ueinige med oss i. Høgare utdanning og forsking er ting som me på borgarleg side har vore veldig einige om.