Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Københavns Universitet (KU) har innført nye reglar som skal gjera at forskarar ikkje kan bli tvinga til tausheit. Men framleis kan publisering av resultat bli utsett.
Bakgrunnen for dei nye reglane er at forskarar ved universitetet i 2015 og 2016 har skrive under på åtte ulovleg kontraktar med Miljødepartementet i Danmark. Dei inneheldt tausheitsklausular som kunne hindra dei i å offentleggjera resultata, skriv den danske Universitetsavisen, som avslørte praksisen.
No har altså universitetet tatt grep og innført eit nytt reglement for samarbeid med myndigheitene og eksterne partar.
«Det har openbert ikkje vore klart nok kva retningslinjene var, så på ein måte er me glade for at me blei gjort merksame på at det var forhold som ikkje var i orden. No har me laga ein gjennomgang, og så håpar me at me har fått med oss alt», skriv prorektor for forsking, Thomas Bjørnholm i ei utgreiing.
Les også: Foreslår å spare 115 humaniora-millioner i Danmark
Han legg til at det er viktig at myndigheitene får ærlege svar på dei forskingsspørsmåla som dei stiller.
«KU skal stå for fri og uavhengig forsking, elles kunne departementa like godt gå til eit konsulentbyrå»
Dei nye reglane kan hjelpa forskarane med å seia i frå viss dei opplever ei interessekonflikt, meiner Bjørnholm.
Kan framleis utsetja publisering
Men ikkje alle er einige i at dei nye reglane er gode nok. Professor emeritus på sosiologi, Heine Andersen er i gong med å undersøka forskingsfridomen på universitetet.
I dei nye reglane står det at forskingsresultatet kan bli utsett i tre månader, noko Andersen meiner gjer at ein ikkje tar tak i problemet.
– KU har laga noko som ser nydeleg ut på overflata, men det er nokre stygge restriksjonar. Ein går utanom dei grunleggande problema og får ikkje tatt fullstendig oppgjer med retten til hemmeleghald, noko som er heilt uakseptabelt, seier Andersen til Universitetsavisen.
– Må få tid til å førebu seg
Formann for praksisutvalet, Thomas Riis, seier til Universitetsavisen at det er viktig å ha rom for ei slik utsetjing.
– Utvalet har kome fram til at det er riktig å ta omsyn til at ein ekstern part skal ha tid til å førebu seg viss forskarane kjem frem til eit ubehageleg resultat, seier Riis, som legg til:
– Viss me hadde vald ei meir kontant linje, kunne det bety at ingen vil samarbeida med KU, så me har forsøkt å finna ein passande balanse mellom dei ulike omsyna.
I Noreg er det ikkje rekna som god forskingsskikk å inngå avtaler som hindrar publisering av resultat.
Avtaler med utset publisering førekjem derimot, mellom anna i Statoil sine rammeavtaler med fleire universitet i Noreg, kor moglegheit for utsett publisering er med i avtalen.
Les også: Legger ned småfag i København