Leiar i Forskerforbundet, Petter Aaslestad, er ikkje fornøgd med regjeringa si satsing på forsking. Foto: Erik Norrud.

Langar ut mot forskingssatsinga til regjeringa

Publisert

Leiaren i Forskerforbundet, Petter Aaslestad er ikkje nådig i sin kritikk av regjeringa si satsing på forsking.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett ligg det mellom anna 70 millionar kroner som skal gå til eliteforsking . Det imponerer ikkje Aaslestad.

– Skulle dei ikkje bygge kunnskapssamfunnet? Vi hadde venta meir frå ei regjering som omtalar kunnskap som vår nye olje, seier Aaslestad i Forskerforbundet si pressemelding.

Forskerforbundet er vidare skuffa over dei store summane i budsjettet som går til skattekutt medan dei etterlyser meir midlar til forsking og utdanning. Dei reagerer også på at av dei auka investeringane på 1,1 milliardar så går 700 millionar av dei til EU-kontigenten.

– Vi hadde venta at dei store pengane skulle gå til investeringar i forsking og utdanning, men ser at den sterkaste veksten kjem på andre områder. Regjeringas prat om verdsleiande forsking munnar ut i 70 millionar fordelt på fem eliteprosjekt. Til samanlikning har NTNU aleine investert 275 millionar kroner for å få fram Moser-miljøet, seier Aaslestad.

Skritt i riktig retning
Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, meiner på si side at dei 70 millionane er eit skritt i riktig retning.

– Vi ser ein vilje til å satse sterkare på fremragende forsking, seier Olsen i ei pressemelding frå UiB, og held fram:

– Det er positivt at regjeringa satsar på universiteta sine fremragende forskarar. Dette er eit skritt i riktig retning.

Olsen peikar også på at brorparten av den auka satsinga på forsking går til EU og at norske universitet må søkje om EU-midlar på lik linje med andre europeiske institusjonar, likevel synes han det er positivt at regjeringa løyver dei 70 millionane som går til toppforsking.

–Vi må tørre å ha ambisjonar om verdsleiande miljø. Eg er glad for at regjeringa no vel å satse på desse miljøa.

Håpar på hjelp frå Krf og Venstre
Forskerforbundet på si side håpar no på hjelp frå regjeringa sine støtteparti på stortinget.

– Det er fult mogleg å styrke budsjettet gjennom behandlinga i stortinget. Det vart gjort i fjor, så no set vi vår lit til Venstre og Krf, seier Aaslestad.

Powered by Labrador CMS