Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor David Lackland Sam ved Institutt for samfunnspsykologi, UiB, er tildelt den internasjonale forskingsprisen Early Career Award for 2004.
Prisen vert delt ut av The International Academy for Intercultural Research (IAIR), eit tverrfagleg forum for interkulturell forsking, stifta i USA i 1997. Lackland Sam er den aller første som mottek prisen. Lackland Sam kom på stipendordning frå Ghana til Noreg i 1984 og fullførte doktorgraden ved UiB i 1995. I 1999 vart han professor. – Det begynte som ein hobby. Eg lurte på kvifor det var så vanskeleg å bli kjent med nordmenn, seier Lackland Sam.
I grunngjevinga for tildelinga er det lagt vekt på Lackland Sams vesentlege vitskapelege produksjon, store påverknad innan fagfeltet og hans raske avansement frå studiar via doktorgrad og post doc. til professorstilling ved Universitetet i Bergen.
Innvandrarerfaring
– Det er svært hyggeleg å få denne prisen – ikkje minst sidan eg får den for forsking som eg opphaveleg ikkje dreiv med, seier Lackland Sam.
I starten var det organisasjonspsykologi som interesserte Lackland Sam. Forskinga han no får honnør for, begynte med utgangspunkt i hans eigne erfaringar som innvandrar til Noreg.
Begynte som hobby
Han forskar i dag på psykologisk tilpassing og åtferd blant innvandrarungdom og er mellom anna involvert i ei stor internasjonal undersøking på dette området. Lackland Sam underviser dessutan både på psykologi og medisin.
Early Career Award for 2004 vart overrekt av dekanus ved Det psykologiske fakultet, Odd E. Havik på eit fakultetsstyremøte onsdag.