Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå 1.januar vart Uni Research ein del av Forskningsselskapet SørVest AS. No har det ferske selskapet bytta namn til Norce.
Under Arendalsveka i fjor vart planane for eit nytt forskingsselskap på Sør- og Vestlandet lansert. Då hadde intensjonsavtalen vorte underteikna i desember året før.
Selskapet, som er sett saman av Uni Research AS, Christian Michelsen Research AS, Iris AS, Agderforskning AS og Teknova AS, fekk det mellombelse namnet Forskningsselskapet SørVest AS.
No har selskapet skifta namn til noko meir permanent: Norce. Det kjem fram i ei pressmelding frå Universitetet i Bergen.
Akronymet Norce spelar på det engelske ordet for norrøn, «norse». Men ein kan òg lesa det som eit samansett ord der NOR peikar på ei kulturell og geografisk plassering, og RCE (Research Center) reflekterer det internasjonel forskingsmiljøet selskapet vil vera ein del av.
– Dette namnet tek på ein god måte omsyn til kjerneaktiviteten i det nye selskapet og at det har ei geografisk forankring langs kysten i vest og i sør, samstundes som det har ambisjonar om å vera eit innovativt selskap som opererer i ein internasjonal marknad, seier styreleiar Hans Olav Lindal i pressemeldinga.
Det er konsulentselskapa Haltenbanken og Mannheimer som har utarbeidd det nye namnet, på oppdrag frå styret. Styret og generalforsamlinga har valt namnet, og i løpet av januar vil det verta utvikla ein logo og visuell profil for selskapet.
Det nye selskapet skal ha hovudsete i Bergen. Totalt vil nærare 900 menneske ha arbeidsstaden sin i Norce, og den årlege omsetninga vil vera om lag ein milliard kroner.
Tidlegare i januar kom meldinga om at Elisabeth Maråk Støle er tilsett som administrerande direktør i det ferske selskapet. Ho kjem frå stillinga som administrerande direktør i Møreforsking AS.