Forskning.no på lufta

Publisert

Onsdag 10.april opna Forskning.no, den nye nasjonale nettstaden for forskingsformidling. UiB er ikkje blant dei 11 forskingsinstitusjonane som er medeigarar.

– Vi ser på dette som ein spennande nyskapning som vi vil følgja nøye framover. Førebels vil vi forhalda oss til Forskning.no som vi gjer til andre medier, seier informasjonsdirektør ved UiB, Morten Steffensen.
UiB var med i Forskning.no i pilotfasen som gjekk fram til hausten 2001, men trakk seg seinare ut.

– Vi valde å prioritera omlegginga av våre eigne publikasjonar og etableringa av ein elektronisk nyheitsteneste framfor å bli medeigar i Forskning.no. Arbeidet med elektroniske nyheitsmedier er godt igong ved UiB. Vi innser at vi har store utfordringar på dette feltet og vil vurdera om det vil vera naturleg å knytta seg til Forskning.no i framtida, seier Steffensen som strekar under at forskingsformidling er eit viktig område for UiB - og er noko institusjonen uansett vil satsa sterkare på framover

For “alle”

Trass i at dei ikkje er med på eigarsida er UiB likevel godt til stades på Forskning.no. I saka “Løyser gåta om Gaul-forliset”, som er blant hovudsakene på opninga av Forskning.no, er professor i meteorologi Sigbjørn Grønås si forsking omtalt. På boksidene finn ein mellom anna eit intervju med medieprofessor Anders Johansen om media si mottaking av bøkene hans.

Initiativtaker til forskning.no har vore Forskingsrådet, men ved lanseringa er 11 institusjonar med som eigarar. Nettstaden skal drivast etter tradisjonelle journalistiske prinsipp. Ifølge Forskingsrådet er brukarane i første rekke ålmenta, som skal fangast frå første stund enten dei er skuleungdom, byråkratar, næringslivsleiarar eller sjølv jobbar med formidling.

– Forskning.no skal både vera ei nettavis for forskingsnyheiter og ein database for bakgrunnsinformasjon, seier redaktør Erik Tunstad til Forskingsrådet sine nyheiter.

Powered by Labrador CMS