Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Over 1600 skuleelevar blei tatt med inn i forskingsverda på Festplassen fredag.
– Er de klare? No tel me ned frå seks til ein.
VilVite har opningsshow for hundrevis av skulelevar frå Bergensområdet, der det for det meste dreiar seg om ting som tar fyr eller lagar lyd.
– Dette er mykje kjekkare enn ein vanleg dag på skulen, fortel Fredrick Martin Gaustad Kristoffersen (11).
Skuledagen er eit av arrangementa under Forskingsdagane - kor utdannings- og forskingsinstitusjonar går saman for å visa fram kva dei jobbar med for elevane.
Kreftforsking
Etter det eksplosive showet tar Fredrick og dei andre elevane turen inn i teltet på Festplassen, kor over 30 forskjellege forskingsstasjonar er sett opp.
Her kunne elevane prøva alt frå å skrika som ein kval, læra seg å skriva runer, eller sjå etter svarte flekkar på sola.
Stasjonen der elevane kunne få læra meir om kreftforsking, og sjå på forskjellen mellom kreftceller og friske celler var veldig populær.
– Eg visste ikkje at det gjekk an å sjå på cellene sine på denne måte. Ein kunne sjå både bakteriar og DNA, seier Fredrick.
Fredrick Martin Gaustad Kristoffersen (11) og Vegar Kringlebotten Lundekvam får undersøka sine eigne celler i mikropskopet. (Foto: Tor Farstad)
Vil ta forskinga ut av institusjonane
Leiar for forskingsdagane i Bergen, Silje Vik Pedersen, seier målet med arrangementet er å avmystifisera forskinga.
– Me ønsker å ta forskinga ut frå institusjonane og til «mannen i gata». Me vil gjera den meir tilgjengeleg for folk.
Ho legg ikkje skjul på at det har vore hektiske dagar før arrangementet som har over 1600 skuleelvar innom.
– Det var litt nerver i går, eg må innrømma det. Det er eit stort arrangement, og alt må klaffa. Ein må vera veldig strukturert, og planlegga godt. Men når ein kjem her og ser kor kjekt borna har det, og kor engasjerte forskarane er i å visa fram det dei jobbar med – då er alt arbeidet verdt det.
I morgon er forskingstorget ope for alle som vil komma innom, både små og store.
Sjette- og sjuendeklassingane var klare for å læra nye ting under årets forskingstorg. (Foto: Tor Farstad)