Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå 1. mai legg Universitetsbiblioteket ned si bytteverksemd for doktorgradsavhandlingar. Samstundes blir nye doktorandar oppmoda om å publisere avhandlinga elektronisk.
Fram til no har Universitetsbiblioteket hatt ein regel om at nye doktorgradskandidatar skal levere 40 eksemplar av avhandlinga, som blir sende ut til andre institusjonar i bytte mot avhandlingar derifrå. No avskaffar fleire og fleire universitet denne ordninga, mellom anna fordi ein går over til å gjere avhandlingane tilgjengelege elektronisk. – Førebels er ikkje elektronisk publisering obligatorisk, men vi vil oppmode om at flest mogleg gjer det, og vi vil tilby hjelp med det praktiske. Gjennom å publisere i BORA blir avhandlinga meir synleg, og ope tilgjengeleg, og det vil vere vårt ansvar å syte for at tilgangen er stabil sjølv om systemet skulle bli endra, seier leiar for Tilvekstavdelinga ved UB, Ole G. Evensen. Han hevdar sjølv at han berre har basiskunnskapar om tekstbehandling, og var difor glad for å få hjelp med det tekniske. Evensen peikar på at BORA også kan innehalde til dømes lyd- og bildefiler. Det er Apeland, som er tilknytt Griegakademiet, glad for.
Den nye ordninga inneber at kandidatane berre leverer ni eksemplar av avhandlinga. Tre går til UB sine eigne samlingar, der dei kan lånast ut. Seks går til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Samstundes vil kandidatane bli oppmoda om å gjere avhandlinga si offentleg tilgjengeleg i UiB sitt elektroniske institusjonsarkiv, Bergen Open Research Archive (BORA), før disputas. Det ligg allereie avhandlingar i BORA, men dei er publisert i etterkant av disputasen.
Synleg og tilgjengeleg
Sigbjørn Apeland er den første som publiserer avhandlinga si i BORA før disputasen. Han disputerer fredag med avhandlinga ”Kyrkjemusikkdiskursen. Musikklivet i Den norske kyrkja som diskursiv praksis”.
– Publisering i BORA kom eigentleg opp tilfeldig gjennom arbeidet med ein nettportal for eit samarbeidsforum for musikkinstitusjonar på Vestlandet. Det er berre eit par veker sidan vi bestemte det, så ting har gått fort, seier Apeland, som også er pioner på eit anna område: Han er den første som tek doktorgraden på fagfeltet etnomusikologi.
Må ha rett til å publisere
– Dei fleste er vande med å bruke vanleg Word, men det er ikkje utan vidare veleigna til lange dokument. Etter kvart vil BORA-gruppa ved UB utvikle malar tilpassa avhandlingar, og tilby opplæring i bruk av desse tidleg i doktorgradsarbeidet. Men no i overgangsfasen kan folk kome med alle format, og vi hjelper til med å leggje dei ut, opplyser Evensen.
Kandidatar som publiserer delar av avhandlinga i form av artiklar i fagfellevurderte tidsskrift, må syte for at avtalen med tidsskriftet gjev dei rett til også å publisere i institusjonsarkiv.
– Elles vil ikkje publisering i BORA hindre kandidatane i å publisere på annan måte seinare, til dømes i form av ei bokutgjeving. Men det er klart at vi vil få ein del opphavsrettslege problemstillingar som må klarerast etter kvart.
Sitering aukar
– Ved Griegakademiet er det vanleg å bruke musikkdøme, og mange legg ein cd ved avhandlinga, fortel han.
– UiB har som prinsipp at det vi produserer av vitskaplege publikasjonar skal vere allment tilgjengeleg, og eg vonar vi greier å skape ein kultur for at dette er viktig, seier prorektor Rune Nilsen, som har ivra sterkt for arbeidet med open tilgang til forskingsresultat.
– No har dei norske universiteta gått saman om å samkøyre sine institusjonsarkiv, og regjeringa har eit eige kapittel om dette i den nye forskingsmeldinga. I tillegg til at prinsippet er viktig, kjem det ein stor nytteverdi. Talet på siteringar aukar nokså kraftig når publikasjonane er tilgjengelege i institusjonsarkiv. BORA er kopla direkte mot søkemotorar som Google, og det gjer det til eit kraftig verktøy.