Første tannlege frå Etiopia med doktorgrad

Publisert

Som den første frå Etiopia har Wondwossen Fantaye tatt doktorgraden i odontologi. Sist veke disputerte han ved Universitetet i Bergen.

– Det kjennest godt, seier Wondwossen Fantaye, kledd i kvitt, etiopisk festantrekk.

Disputasen er vel gjennomført, om to veker vender han tilbake i heimlandet der han no vil vere den høgste vitskapelege autoriteten innan odontologi. Sidan 1999 har han vore doktorgradsstipendiat ved Det odontologiske fakultet og Senter for internasjonal helse ved UiB, som lenge har hatt samarbeid med Universitetet i Addis Abeba. Resultatet er ei avhandling om tannsjukdomen dental fluorose.

Porøse tenner

Dental fluorose er ei utviklingsforstyrring i tennene som skuldast for høgt fluorinntak, eit problem som er kjent over heile verda, men er særleg vanleg i tropiske strøk. Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) har truleg 260 millionar menneske drikkevatn med fluorinnhald over den tilrådde grenseverdien. Dette kan føre til porøs tannemalje og kritkvite tenner, og i alvorlege tilfeller kan emaljen forsvinne heilt.

– Eg gjorde studiar blant skulebarn i områder der problemet er særleg utbreidd, og såg både på kva som fører til dental fluorose, på den sosiale verknaden, korleis foreldre og barn ser på dette og kva som kan gjerast for å motverke dental fluorose, seier Wondwossen Fantaye.

Dental fluorose gjer at tenner blir misfarga og sprø, og alvorleg grad av fluorose aukar faren for kariesangrep. Tannskadane kan ikkje reparerast, men Wondwossen sine funn tyder på at praktiske tiltak som forlenga amming av spedbarn, bruk av leirkrukker til oppbevaring av vatn og redusert inntak av fisk og te kan gjere barna mindre utsette. Mild grad av dental fluorose blir sett på som normalt, mens ein alvorleg grad kan vere vanskelegare å få sosial aksept for.


Lagar tannlegeutdanning

– No blir utfordringa å overtyde styresmaktene i Etiopia om behovet for tiltak mot dental fluorose i dei aktuelle områda. Doktorgraden gir meg autoritet til argumentere, seier Wondwossen Fantaye.

Han er no tilsett ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Addis Abeba, der han skal ha ansvaret for å bygge opp ei tannlegeutdanning i Etiopia.

Powered by Labrador CMS