Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For andre år på rad vann Odontologisk fakultet pris for beste forskingsstasjon på Forskingsdagane. Tannfeen var det suverent mest populære innslaget på Banco Rotto og Vågsallmenningen.
Heile 70 stemmer fekk stasjonen “tannfeen dyrker tenner”, mot 11 for neste på lista. Tannfeen tok i mot mjølketenner og saman med barna vart tennen utforska i mikroskop. Mellom anna fekk barna sjå skilnaden på røtene til tenner som er felt på naturleg vis - og røtene hjå tenner som er trekt. - I tillegg til å analysere tenner hadde vi også skodespel og skattejakt for barn og vaksne, der dei kunne teste kunnskapane sine om tenner. I følge ansvarleg for Forskingsdagane ved UiB, Monika Sandnesmo frå Formidlingsavdelinga var årets forskingsdagar var svært vellukka.
Det er altså andre året på rad at Odontologane vinn pris for beste forskingsstasjon. Årets stasjon hadde “geniale tenner” som tema - og fokuserte på gener og tenner. Stipendiat Karianne Fjeld som stod på stand med tannfeen og også held foredrag om “Geniale tenner” trur noko av årsaken til suksessen er at dei satsar sterkt på å involvere ungar.
Blir gjerne med neste år
- Kvifor er akkurat odontologane så gode?
- Det er ei eldsjel bak dette, Gry Kibsgaard, som er forskingskoordinator, men interessa og engasjementet er stort blant mange i miljøet, seier Karianne Fjeld, som lover at odontologane gjerne stiller igjen til neste år.
Trivdes på Banco Rotto
- Det var godt besøk og folk tok seg god tid når dei først var inne. Mange familiar kombinerte kaffi og kaker på Banco Rotto med at ungane fekk vitje forskingsstasjonane, og dei vaksne høyrde foredrag, og mitt inntrykk er at mange trivdes svært godt med dei nye lokala.
Foredraga på Forskingsdagane var godt besøkte, fortel Sandnesmo, særskilt vakte ”Glemmer du – så husker jeg” med Eike Wehling svært stor interesse.
– På dette foredraget måtte vi opne dørene for å få plass til alle som var interessert.
Forskingsdagane varer ut denne veka. Onsdag 22.september er det opning av Vitskapskafé i Bergen og Torsdag er det ope seminar om naturgass.