Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tjuefem år i det amerikanske forsvaret har gjort professor Sean Hannah sikker på éin ting: Ingen høyrer på ein leiar som ikkje viser omsorg.
– Eg kom til Pentagon den 12. september. Som leiar ville eg hatt forståing for dei som ikkje orka å komme på jobb dei første dagane, seier Sean Hannah.
Sean Hannah er professor i leiing ved Wake Forest University. Etter tjuefem år i det amerikanske forsvaret er han også pensjonert oberst. Fredag var han i Bergen for å møte masterstudentar i psykologi og snakke om leiing i ekstreme situasjonar.
Sjølv har han tenestegjort i Desert Storm-krigen i Afghanistan. Han har vore i Irak. Han var ein av dei 4000 militære som vart kalla inn til Los Angeles for å nedkjempe gateslaga som braut laus i 1992, etter at Rodney King vart sparka til daude av politimenn.
Og då forsvarsdepartementet ved Pentagon vart truffe av eit passasjerfly den 11. september 2001, eit åtak som tok livet av 55 menneske, vart han kalla inn for å leie ei mindre gruppe overlevande frå den delen av Pentagon som vart treft.
Ingen var budd på terroråtaket
– Ikkje ein av dei overlevande ved Pentagon valde å bli heime. Dei hadde gode grunnar til akkurat dét. Dei var i sjokk og i sorg etter å ha mista mange kollegaer. Men det kan verke helande å vere saman, seier Sean Hannah.
Når det ekstreme slår inn, har ein ikkje tid til å drive teambuilding eller bygge kultur.
– I forsvaret trente vi på mange ekstreme situasjonar. Dei tilsette ved Pentagon hadde ein manual med kriseplanar som var så tjukk, seier Hannah, og held hendene 40 centimeter frå kvarandre.
– Vi var ikkje budd på at nokon ville blåse Pentagon i lufta, og at vi ville miste så mange medarbeidarar. Men vi var budd på det ekstreme.
Omsorg og autoritet
– Ein god leiar har karakter og kompetanse. Men han har også mykje omsorg for gruppa si, seier Sean Hannah.
Dei same reglane gjeld på arbeidsplassen og i militæret. I fredstid kan du halde ut med - kanskje til og med respektere - ein leiar som er karakterfast og dyktig, sjølv om vedkomande manglar empati og omsorg. Men når det skrur seg til og vert trugande, vil du høyre meir på ein leiar som vil ditt beste.
– Om ikkje folk trur at du bryr deg, vil dei ikkje våge å ta ordrar frå deg når situasjonen vert vanskeleg eller risikabel. Eg har sett dette i mange samanhengar, seier Sean Hannah.
Følelsen som kan endre alt, er redsel.
– Så snar konteksten vert endra, endrar også behovet for leiing seg. Leiing betyr rett og slett meir under ekstreme forhold, seier Sean Hannah.
Soldatar må kunne meir enn kamp
Infanteristar som føler at dei er sterkast når dei er i kamp, vil gjere det dårleg i Afghanistan i dag, meiner Sean Hannah.
Å vere i eit land i krig krev meir enn berre aggresjon, mot og styrke.
– Ein god leiar har mange hattar. Han må kunne forhandle med lokale stammeleiarar, snakke med media, drive kulturbygging med kollegaene sine, bygge brønnar og trygge skulevegar. Her kjem ein ikkje langt med ein militant væremåte, meiner Hannah.
Dei som berre har den grågrønne combathjelmen, vil kome til kort. Det handlar om å ha eit arsenal av versjonar av seg sjølv, meiner Sean Hannah.
– Spørsmålet er om du er kompleks nok til å leie i ekstreme situasjonar. Kan du analysere ein situasjon og ta avgjersler på vegne av mange under ekstreme forhold? Kan du få dei til å ta ordrar frå deg? Og kan du leie dei gjennom normaltilstanden som må etterfølgje det ekstreme?