Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Ikkje vent på at journalistane skal ringe. Ta kontakt sjølv, så får du fram di eiga historie, var rådet frå NRK-journalist Guro Tarjem då ho heldt seminar om forskingsformidling for forskarar ved UiB.
Tarjem arbeider i redaksjonen for radioprogrammet Verdt å vite, som har daglege sendingar på NRK P2. Programmet fekk for nokre år sidan Forskingsrådet sin pris for framifrå forskingsformidling. Fredag 5. november var 25 UiB-forskarar samla for å få eit innblikk i det daglege arbeidet i Verdt å vite-redaksjonen. I tida framover vil presentasjon av forskingsstoff i media endre karakter enno meir, trur Tarjem. I staden for tradisjonell ”vitskapsforherlegande forskingsformidling” med folkeopplysing som mål, vil vi få meir vitskapsjournalistikk. Det vil bli fleire nyhende, journalistikken vil bli meir kritisk, det vil bli meir debatt, og forskarar må rekne med at deira person vil bli viktigare. Ho oppmoda publikum om å senke terskelen for seg sjølv. Professor Henrik von Achen ved Bergen Museum fekk årets Meltzerpris for framifrå forskingsformidling. Han er skeptisk til ei utvikling der forskarar med sterke meiningar får styre offentleg debatt i kraft av å vere tilsett ved eit universitet.
Haldningane til forskingsstoff i media har endra seg mykje dei siste åra, og kjem til å endre seg enno meir. Etter å ha sendt forskingsstoff ein halv time i veka dei første åra, sender Verdt å vite no kvar dag, og tipsar også andre programredaksjonar om interessant stoff.
– Sauen Dolly har hatt mykje å seie for forskingsdebatten her til lands. Debattane om saker som kloning og klima er døme som har vist at i forskingsverda finst det stoff som er viktig for den allmenne diskusjonen, sa ho.
Meir kritisk journalistikk
– Eg trur også vi vil sjå meir av tverrfaglege saker, som klimadebatten. Det vil bli forventa at forskarar er i stand til å uttale seg også om ting som ligg litt utanfor deira spesialfelt. Dei forskarane som også er menneske, og som byr på seg sjølve, vil ha lettare for å nå ut, sa ho.
Tarjem peika på både føremoner og ulemper ved ei slik utvikling. Forskarane blir tvinga ut i samfunnsdebatten, men samstundes kan media i ein hektisk kvardag falle for freistinga å ta dei ”lettaste” sakene, og bruke folk dei veit fungerer i media som ”ekspertkommentatorar” ved alle høve.
Ver engasjert
– I studio er det viktigare med ei avslappa haldning enn å hugse alle tala. Eg merker at eg blir glad når eg får ein forskar i studio som utstrålar at ”det eg driv med, er spennande!”, ein som kan framkalle bilete i hovudet på lyttaren. Då skjønar lyttaren at dette er ikkje berre ein forskar, det er også ein person med kjensler. Det er viktigare enn at alle tala er korrekte. Slike ting hugsar ikkje lyttarane likevel.
Detaljdiskusjonar høyrer ikkje heime i populærvitskaplege fora, meiner ho.
– Framleis finst det forskarar som ikkje vågar å late seg intervjue av frykt for at kollegaer skal gripe dei i å seie noko gale.
Skeptisk til intimitetstyranni
– Forskarar bør sjølvsagt delta i den offentlege debatten, og ein bør kunne forvente at folk som driv med eit fag, kan sjå dette faget i relasjon til samfunnet ikring. Ein medisinar må til dømes kunne uttale seg om etiske spørsmål knytt til genteknologi. Men ein skal vere varsam med å tru at fordi nokon er professor, skal han ha meiningar om alt mogleg, og at desse meiningane skal vere meir verd enn andre sine. Målet med å delta i debatt, skal ikkje vere å beherske scena, men å tilføre debatten ei spesiell innsikt, kommenterer han.
Han ser også ei fare for at ein bikkar over i intimitetstyranni dersom forskarar blir forventa å ”by på seg sjølve”:
– Er personleggjering nødvendigvis så attraktivt? I dag gjer ikkje folk anna enn å stå fram i media. Å stå fram er blitt det vanlege. Men skal vi etterstreve det? Det er jo positivt å få fram at forskarar er personar med dei same veikskapane som alle andre, og at heller ikkje dei serverer den objektive sanninga. Men dette med å by på seg sjølv er eg litt skeptisk til.