Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
“Mykje tydar på at staten og politikken ikkje lengre har legitimitet til å spilla noka rolle i disse liv- og død-spørsmåla”, skriv Thorvald Sirnes i ein kronikk om fosterdiagnostikk.
“Utviklinga av ultralydteknologien og andre diagnostiske metodar gjør at det blir moglig å finna avvik hos fosteret stadig tidlegare. Me blir tvinga til å tenka gjennom om svangerskap som ikkje kan resultera i ein levedyktig unge, har noka meining. Og om avvik kan skapa så mykje smerte at ein unge ikkje bør fødast, sjølv om ho er fullt levedyktig”, skriv Aksis-forskar Thorvald Sirnes i Dagbladet.
Han peiker på at disse valga i dag individualiserte.
“Ingen beslutningstakarar, verken politikarar eller legar, har moralsk posisjon til å avgjøra kva folk skal bli nødt til å tåla resten av livet. Etter 12. veke har abortnemndene ei formell, men ikkje særleg reell rolle. Det offentlege virkemiddelet har først og framst vore ei viss regulering av tilgangen på teknologi. Om det vil fortsetta, er usikkert. Mykje tydar på at staten og politikken ikkje lengre har legitimitet til å spilla noka rolle i disse liv- og død-spørsmåla”.