Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er lov å stilla spørsmål ved kvifor ein gjer ting på den eine eller andre måten, meiner Kjetil Søreide. Han er kirurg og glad i handverket, men er òg professor. Denne veka fekk han pris for arbeidet sitt.
I 1901 kom 49 år gamle Anna Malena frå Jæren til overlege Axel Cappelen på sjukehuset i Stavanger. Etter mykje overtaling fekk ho han til å operera seg, og Anna Malena vart slik den første i Noreg som vart operert for endetarmskreft. Det gjekk bra med henne, men ho døydde ti år seinare, etter å ha fått kreft på ny. Anna Malena var tipp-tipp-tippoldemor til Kjetil Søreide si kone. Onsdag fekk Søreide Søren Falchs juniorpris for nettopp forsking på kreft i mage og tarm. Kven kan verta friske – og kven kan ikkje? Søreide er landets yngste professor i kirurgi. Han har vore hovud- eller medforfattar på om lag hundre publikasjonar i nasjonale og internasjonale tidsskrift. 36-åringen har forska særleg på kreft, men er òg mellom anna med i nasjonale og internasjonale prosjekt på traumepasientar. – Colorectal cancer (kreft i tjukktarm og endetarm, red.anm) er ei av dei aller vanlegaste kreftformene. Me veit ganske mykje om sjukdommen, men ønskjer å prøva å finna ut kva pasientar som har gode og mindre gode utsikter, og gi dei behandling deretter, sa Søreide under foredraget sitt etter sjølve prisutdelinga. Forskargruppa hans er mellom anna oppteken av kva lymfeknutar betyr for tjukktarmskreft. Spreiinga av denne typen kreft skjer først via lymfebanene til lymfeknutane. Nokre familiar er disponerte for arveleg tjukktarmskreft – det var truleg denne kreftforma Anna Malena frå Jæren hadde. – Me ser at dei som har den arvelege kreftforma, i hovudsak har kreft på høgre side av tarmen. Me ser òg at dei med kreft på høgre side har flest lymfeknutar, sa Søreide. – Eit stebarn – Ein vert ikkje stemoderleg behandla, men ein behandlar seg sjølv på denne måten. Mange kirurgar er berre opptekne av å operera. Det er viktig, men det er lov å stilla spørsmål òg. Kvifor gjer ein ting på den og den måten, seier Søreide til På Høyden. Sjølv seier han at han nok er arveleg belasta – faren er òg kirurg. – Då eg studerte syntest eg det var spanande å vera med på operasjonar. Eg synest det er interessant å sjå korleis ein kan løysa ulike sjukdommar, og eg er fascinert av handverket, seier Søreide. – Som å jogga – Korleis får du tid til alt? – Då eg var stipendiat bestemte eg meg for å nytta tida maksimalt. Mange andre hadde ein deltidsstilling samstundes for å spe på inntekta, men eg var ung og hadde ikkje så mange økonomiske plikter. Eg fekk moglegheit til å fordjupa meg i metode, seier Søreide. – Det var kreftforsking eg først og fremst jobba med, og eg kom etter kvart inn i forskargrupper og kunne jobba med fleire ting parallelt, legg han til. Han understrekar at ikkje alle dei hundre artiklane er originalmanus. – Det er mellom anna både oversiktsartiklar og leiarartiklar i ulike tidsskrift. Eg seier det eg plar seia til studentane: Å skriva artiklar og å driva med forsking er tungt arbeid. Det er litt som den første joggeturen ein tek etter ein lang pause. Men etter ei stund vert det enklare – særleg dersom ein legg seg til ein vane om at ein heile tida har eit prosjekt gåande. Glad for anerkjenning – Sjølve prisen endrar nok ikkje så mykje, og pengane kjem nok til å gå inn i det store forkingssluket. Men det betyr mykje å få ei slik anerkjenning. Det vert lagt merke til, både ved UiB og i sjukehusmiljøet. Eg har fått mange kjekke e-postar og helsingar, seier Søreide. – Det set eg pris på – det er veldig kjekt med ein slik klapp på skuldra.
Prisen, som er på 50 000 kroner, skal gå til yngre forskarar som har gjort forsking det er verd å legga merke til.
Søreide meiner at kirurgien på mange måtar er eit stebarn innan medisinen.
Han er tilsett ved Universitetssjukehuset i Stavanger og som professor II ved UiB. Han er gift og har tre små gutar.
Søreide var nominert til prisen av kollegaer ved UiB. Det set han stor pris på.
Dekan Nina Langeland delte ut prisen til Kjetil Søreide. 36-åringen får Falchs juniorpris for kreftforskinga si og for den store produksjonen av vitskapelege artiklar. Han har allereie vore hovud- eller medforfattar på hundre publikasjonar. Foto: Hilde Kristin Strand