Tore Tungodden (ytst til venstre) hadde ikkje tenkt at boka han skreiv i 2005 skulle verta teater i Tyskland. Men det vart ho. I helga var det premiere i Berlin. Foto: Atze Musiktheater

Frå godnatthistorie til teaterscena

Publisert

Dotra på ni år var prøvekanin då Tore Tungodden skreiv boka «Statministeren» i 2005. I helga hadde teaterstykket med same namn premiere i Tyskland.

– Eg sa ikkje at det var eg som hadde skrive historia. Eg sa at det var noko eg hadde funne på Internett, ler Tore Tungodden.

Han er mest kjend som assisterande universitetsdirektør, men fleire år før han fekk den stillinga gjorde han noko heilt anna: Skreiv ei barnebok. I 2005 kom «Statsministeren» ut. Og det heile starta rett og slett temmeleg tilfeldig.

– Etter å ha sett politikarar på fjernsyn, slo det meg kor lite ærlege dei ofte er. Kva hadde skjedd dersom barn kunne vore politikarar? Dei er så opne og ærlege.

Tungodden, som har medieutdanning, har jobba litt som journalist og vaks opp i ein bokhandel i Knarvik, har alltid likt å skriva. No begynte han å skriva ei historie om ti år gamle Hannah. Undervegs las han høgt for dotra på ni. Men sjølvtilliten var altså ikkje stor nok til at han torde å fortelja kven som var forfattaren.

– Etter kvart kom det jo eit krav om at ho ville høyra meir. Så eg skreiv ein ny del av historia om kveldane etter at ho hadde lagt seg, humrar Tungodden.

Då historia var ferdig oppdaga Tungodden ein debutantkonkurranse, og sendte manuset sitt inn. Han vann, og boka vart gitt ut. Først i Noreg, så i Tyskland og Sør-Korea.

Tiåring vert statsminister
Åra har gått, og dotra er no 20. I helga fekk ho treffa romanfiguren Hannah igjen, denne gongen på teaterscena i Tyskland. Tungodden vart nemleg kontakta av Atze Musiktheater i Berlin. Ein av dei tilsette hadde lese boka, som nyleg vart gitt ut på nytt som ebok og lydbok i Tyskland, for barna sine, og meinte at dette var veleigna for scena.

Tungodden selde rettane til historia, og har kome med innspel til litt modernisering. Men elles er historia som ho var i 2005: Hannah er ti år og ei vanleg jente i ein vanleg familie. Faren jobbar i eit reklamebyrå, og ein dag kjem han heim med eit spesielt oppdrag: Eit nytt parti er stifta, og dei ønskjer eit barn som statsminister. Etter kvart viser det seg at det er Hannah som er tenkt på som statsminister.

– Eg skriv om det konstitusjonelle som må endrast, men òg om spelet om makta. Det skjer eit ganske dramatisk brot i historia der uskulda på mange måtar vert teken frå Hannah, fortel Tungodden.

– Korleis klarte du å skriva om desse ganske tunge temaa for barn?

– Eg prøvde å ikkje vera verken for pedagogisk eller moraliserande. Politikken vert eit rammeverk, men det er ikkje slik at barna treng å forstå alle detaljane. Boka handlar mykje om rett og gale, og då er det ikkje berre fakta som er viktig, seier Tungodden.

Hannah er 12 år i teaterstykket, 10 i boka. I Tyskland har interessa for konteksten rundt historia vore stor: Bør barn få røysterett? Foto: Atze Musiktheater

Røysterett for barn?
I Tyskland har interessa for konteksten rundt boka vore stor, og det skal no verta arrangert mellom anna eit eige talkshow med politikarar og barn. Teaterstykket skal òg spelast for skuleklassar. Tungodden har fleire gongar fått spørsmålet om han meiner at barn bør få røysterett. Han er ikkje heilt sikker.

– Eg meiner at barn som interessegruppe og lobbygruppe bør verta høyrt, og eg er oppteken av både barn sine rettar og kvinner sine rettar. Men eg er ikkje sikker på om det beste grepet er å gi barn røysterett. Då har eg meir tru på ordningar som ungdommens kommunestyre og bystyre, seier Tungodden.

– Kanskje boka, og teaterstykket, kan gi barn lyst til å læra om politikk, legg han til.

– Korleis var det å sjå sin eigen tekst på teaterscena?

– Det var kjempegøy, og veldig spesielt. Det var flott å kjenna stemningen i salen og sjå at det indre biletet eg har av karakterane mine stemmer med det uttrykket dei hadde på scena. Historia var lik den eg skreiv, men dei hadde  sjølvsagt gjort nokre forenklingar.

Tungodden fortel humrande at han kan tysk på same måte som alle som ein gong hadde det på gymnaset meistrar språket. Så han las boka på tysk før han reiste for å førebu seg.

Vanleg jente, ingen superhelt
No er draumen at «Statsministeren» ikkje berre vert teater i Tyskland, men òg kan verta vist på ei scene i Noreg. Tungodden meiner at historia er universell, og at det eigentleg ikkje er nokon grunn til at stykket ikkje kan verta vist på norske teaterscener òg.

– Hannah er ei vanleg jente, ho er ingen superhelt. Det trur eg gjer at mange barn, kanskje særleg jenter, kjenner seg att og tenkjer at «dette kunne vore meg».

– Kva tenkjer døtrene dine om å få godnatthistoria si vist på teaterscena?

– Eg trur dei synest det er veldig fascinerande at det som begynte som ei privat historie endar opp i Berlin. Samstundes er det tema som opptek dei sterkt, dei er opptekne av både barn og kvinner sine rettar og aktivt med i organisasjonar som jobbar for det.

– Det er mange forfattarar på UiB. Eg plar seia at eg har skrive ei bok, seier Tore Tungodden. Her signerer han bøker etter premieren på «Die Ministerpresidäntin» i Berlin. Foto: Atze Musiktheater
Tore Tungodden er assisterande universitetsdirektør. Boka han skreiv i 2005 vart til ganske tilfeldig, og det heile begynte som ei godnatthistorie for døtrene. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS