Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Måndag opna den nye dyreskannaren på Haukeland universitetssjukehus. Planen er at forsking på mus skal ha nytte for folk.
Miljøet for nukleærmedisin heldt på å døy i Bergen. Så gjekk Trond Mohn inn med pengar. No står forskingsmiljøet endå sterkare etter at den nye PET/CT-skannaren for smådyr er klar til bruk. Skannaren er finansiert med 12 millionar kroner frå Bergens medisinske forskningsstiftelse (BMFS), tre millionar kroner får Forskingsrådet og éin million kroner frå Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MOF). Som julekvelden – Dette må vere litt som å vere born på julekvelden for dykk som skal jobbe med det. Eg må få uttrykke ein stor takk til Bergens medisinske forskningsstiftelse og Trond Mohn for denne gåva, sa prorektor Berit Rokne, som representerte rektoratet ved opninga måndag. Ideen om å ha ein dyre-PET til bruk ved forsking har eksistert ei stund. MOF søkte i si tid Forskingsrådet om pengar til skannaren. Smådyr Men då Trond Mohn var til stade på eit arrangement for ei av dei andre gåvene han har gitt til det medisinske fagmiljøet, overraska han alle med å gi pengar til nok ei særleg dyr maskin, og denne gongen ei som kun kan brukast på forsking. Diagnostisering av sjuke kjæledyr er ikkje ein del av planen, og skannaren passar berre til mindre dyr, som rotter og mus. PET-skanning har mange bruksområde, og er særleg brukt til kreftdiagnostisering. Radiokativitet, til dømes radioaktivt fluor, blir kopla til druesukker, som deretter blir sprøyta inn i kroppen. Druesukker samlar seg særleg somme stader i kroppen, og ein av desse stadene er veksande kreftsvulstar. Dermed kan ein lettare sjå om ein kreftsvulst har spreidd seg. To meter lang skannar Den nye skannaren har både PET og CT, på same måte som den store PET-skannaren på Haukeland. Katherine Ferrara frå UC Davis i California samarbeider med UiB, og er entusiastisk på vegne av forsking rundt PET-miljøet. – Framtida for PET er lys, og teknikken kan brukast på mange område. I California er vi i ferd med å lage ein to meter lang PET-skannar, kombinert med MR. Då vil ein berre trenge å injisere ein tidel av volumet ein bruker i dag, fortalde Ferrara, som deltok på opninga. Givar Trond Mohnog påtroppande rektor Dag Rune Olsen følgjer nøye med når dekan Nina Langeland viser kor rotter og mus skal liggje. Foto: Dag Hellesund Ole Heine Kvernenes forklarer Trond Mohn korleis ein lagar det radioaktive druesukkeret som blir brukt i PET-skannarane. Foto: Dag Hellesund PET/CT-skannaren er framleis ikkje i full drift. Då er restriksjonane for vitjing langt strengare. Difor blei det muleg for mange å sjå fasilitetane under opninga. Foto: Dag Hellesund
– Dette er ein heilt spesiell dag for oss, som vil opne nye mulegheiter for forskinga, fortalde leiar Rolf Reed ved Institutt for biomedisin.
– Dei fekk ei glimrande evaluering, men ingen pengar, fortalde Kåre Rommetveit, som leiar BMFS.
Men i forsking er det mange andre bruksområde. PET gjer det mellom anna muleg å kontrollere kor mykje medikament ein får levert inn i eit område, ved å radiomerke medikamentet først.