Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I år er det hundre år sidan Vilhelm Bjerknes publiserte artikkelen som la grunnlaget for den moderne vêrvarslinga. Det tykte Bjerknessenteret var eit godt utgangspunkt for å invitere heile verdseliten av klimaforskarar til konferanse.
Konferansen “Bjerknes Centenary 2004: Climate Change in High Latitudes” går av stabelen 1.-3. september i Bergen. Målsettinga er å medverke til ei betre forståing av klimasystem og klimaendringar i polare og subpolare område. I dag rår meteorologar og oseanografar over heilt andre reknekrefter enn det Bjerknes i si tid gjorde. No er ein i ferd med å ta steget frå vêrvarsling til klimavarsling. Nær 300 forskarar skal samlast i Bergen under konferansen, og det vil bli både postersesjonar og om lag 30 føredrag. Den auka tilstrøyminga av ferskvatn kan skuldast fleire ting: Smelting av isbreane på Grønland og auka avrenning frå elvene i Arktis, men også auka nedbør fordi ein varmare atmosfære medverkar til ein auka hydrologisk syklus. Havet er også interessant som mogleg magasin for overskytande CO2 frå atmosfæren. Professor ved Geofysisk institutt, Christoph Heinze, forskar på nettopp dette, og han trekk linene attende til Bjerknes i føredraget sitt.
Konferansen markerer også at det i år er hundre år sidan Vilhelm Bjerknes publiserte ein artikkel som på norsk har tittelen ”Vêrvarsling som eit problem i mekanikk og fysikk”. Her la han fram eit program for korleis ein kunne rekne ut tilstanden i atmosfæren framover i tid, dersom ein kjende godt nok til tilstanden i utgangspunktet. Det er denne metoden som no blir brukt i vêrvarsling over heile verda. Bjerknes arbeidde ein periode ved Geofysisk institutt i Bergen, der han saman med sonen Jacob grunnla den såkalla Bergensskulen i meteorologi.
Store endringar i våre havområde
Cecilie Mauritzen ved Meteorologisk Institutt i Oslo er ein av dei tilreisande forskarane som skal halde innlegg. Ho har dokumentert til dels dramatiske endringar i dei djupe vatnmassane i dei nordiske havområda dei siste femti år.
– Det vi ser, er at vatnet i dei Nordiske hav og Nord-Atlanteren er blitt ferskare sidan 70-talet. Det påverkar tettleiken som igjen påverkar sirkulasjonen i havet, seier ho.
Arktis smeltar
– I så fall vil det seie at vatnet i tropane må bli saltare, for denne auka nedbøren må jo fordampe frå ein annan stad. Og det er akkurat det som skjer, fortel Mauritzen.
– I dei djupe vatnmassane kollapsa tettleiken vidare tidleg på 90-talet. Det har nok også med endringar i dei vinddrivne straumane å gjere, samstundes som det ferske vatnet har forplanta seg i heile det arktiske systemet. Interessant nok finn vi ikkje ein tilsvarande tettleikskollaps over terskeldjupet for Grønland-Skottlandsryggen, slik at de grunne vatnmassane ikkje er tilsvarande påverka. Men det finnes nok ubetinga ei grense for kor mykje ferskvatn sjølv de grunne vatnmassane kan ”tåle”.
Vanskeleg å spå om CO2
– Vilhelm Bjerknes meinte at ein kunne varsle vêret om ein berre kjende tilstanden til atmosfæren godt nok i utgangspunktet, og samstundes kjende lovene som styrer utviklinga frå eitt steg til det neste. Vi har noko av det same utgangspunktet når vi prøver å estimere korleis CO2 blir utveksla mellom havet og atmosfæren, seier Heinze.
CO2 er den viktigaste av drivhusgassane, og observasjonar har vist at konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren har auka frå kring 280 parts per million (ppm) då den industrielle revolusjonen sette inn, til kring 375 ppm i 2003.
– Våre modelleringar tyder på at frå no av vil vi sjå ein stor auke i CO2-opptaket i havet, og at det først og fremst vil vere synleg på større djup ved høge breidder. Men det er vanskeleg å spå, for dette er langsame prosessar samanlikna med Bjerknes sine vêrvarsel. Dessutan veit vi ikkje korleis biomassen i havet vil reagere på det auka CO2-innhaldet, og det gjer utrekningane meir kompliserte. Så på ein måte har vi eit vanskelegare utgangspunkt enn Bjerknes hadde, forklarer han.
Arrangørane peikar på at vi no, hundre år etter Bjerknes sin artikkel, er i ferd med å leggje det vitskaplege grunnlaget ein treng for å gjere varsling av klimaendringar til ein realitet. Bjerknes Centenary 2004 har som målsetting å medverke til dette.