Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Om lufta hadde gått heilt ut av den språkpolitiske ballongen til UiB, var oppe til diskusjon måndag.
I 2007 vedtok universitetsstyret ein språkpolitisk strategi bygd på komitéinnstillinga <<Både i pose og sekk>>. No sju år seinare var det på tide å sjå nærare på kva som har vore vellukka og ikkje.
Inne i ein bølgjedal
Professor ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studie, Helge Sandøy, var hovudforfattar av <<Både i pose og sekk>>. Sandøy starta med å fortelje om den store interessa og engasjementet for språkpolitikk tidleg på 2000-talet, men etter ein bølgjetopp kjem det alltid ein bølgjedal også.
– Det er difor ikkje uventa at vi no i 2014 må ta ei samling i botn, sa Sandøy.
Ynskje om ein parallellspråkleg praksis
Fokuset i 2007 var å få til ein parallellspråkleg praksis som sikra godt språk både på norsk og på framandspråk ved UiB.
– Når det gjeld fagterminologi og fagspråk så hadde vi mange forslag. Mellom anna at fagmiljø som mangla terminologiliste skulle utvikle slike, gjerne på modell frå fysisk institutt som har hatt ein god praksis med det. Det kan vi ikkje sjå har blitt gjort.
At tilbodet om kurs i skrive- og sjangertrening til bruk i forskingsformidling måtte styrkast vart også føreslege.
– Det har vi ikkje høyrt noko av. Så det forslaget har vorte liggande daudt, fortalte Sandøy.
Sandøy kunne heller ikkje sjå at det var gjort særlege tiltak for å legge til rette for andre framandspråk enn engelsk.
Godt arbeid med nettsidene
Men alt har ikkje berre vore politisk mote og retorikk. UiB fekk mellom anna ros for nettsidene sine.
Minst 30 prosent av innhaldet på nettsidene skal vere på nynorsk. Alle faste nettsider, som ikkje vert endra fortløpande, bør vere både på norsk og på engelsk, og markerast ved at ein kan velje språk ved å klikke på eit flagg.
– Nettsidene på alle einingane er både på norsk og engelsk. Nynorskandelen er på 38 prosent. Det er i samsvar med kravet. UiB har oppfylt krava i mållova godt og til og med fått ros for det. Einaste kommentaren av negativ karakter er at fyrstesida ved UiB er berre på bokmål og det er ikkje forandra den dag i dag, fortalte Sandøy.
Språksenteret er ikkje permanent på budsjetta.
Eit anna forslag i komitéinnstillinga frå 2007 var at det burde utviklast eit nettverk av personar med morsmålskompetanse i dei aktuelle språka som mellom anna kunne ta på seg språkvaskoppgåver og språktenester for å byggje opp ei nettside med lenkjer til gode og tilgjengelege språkressursar for å hjelpe til med å sikre ein god parallellspråkleg praksis.
– Etter det eg forstår vart det oppretta eit språksenter med ei halv stilling og det som prøveordning. Det er ikkje permanent på budsjetta til universitetet. Det er ei sak som må følgjast opp, sa Sandøy.
(Artikkelen held fram under biletet)
Anne Holmen frå Københavnske universitet kunne fortelje om gode erfaringar og stor vekst ved deira språksenter, CIP. Foto: Invild Festervoll Melien
Stor satsing på parallellspråkleg praksis i København
Anne Holmen, som er professor og direktør for CIP (Center for Internationalisering og Paralllellsproglighet) ved Københavns universitet, var også til stades på konferansen. CIP vart etablert nettopp for at KU skulle kunne satse på å ha ein parallellspråkleg praksis.
Holmen kunne fortelje om den store satsinga som har vorte gjort på CIP, der dei gikk frå å vere tre tilsette i 2008 til å no ha over 20 tilsette. Ho hadde følgjande råd for å få meir fart på eit liknande senter ved UiB.
– Det er to ting. Ein må ha leiinga med seg. Få leiinga til å oppfatte det som ein del av utviklinga av eit godt internasjonalt norsk universitet. Så må ein få med seg språkmiljøa. Dei må sjå det som noko som ikkje er konkurranse med ting dei gjer for sine studentar, men noko som er med på å lyfte heile språkområdet.
Norskopplæringa må bli betre
Norskopplæring for ikkje-skandinavisk tilsette var eit viktig punkt i komitéinnstillinga der det vart lagt vekt på at fagmiljøet ved det aktuelle instituttet må kjenne seg pliktig til å gå over til å bruke norsk i samtalen med dei utanlandske tilsette etter ei viss tid for å hjelpe dei i integreringsprosessen.
– Den dag i dag er det største problemet at utanlandske tilsette ikkje får øving i norsk på arbeidsplassen. Nordmenn er ivrige i å snakke engelsk når ein diskuterer på tomannshand om faglege spørsmål, men når ein så set seg ned å drikke kaffi går samtalen over på norsk og då blir dei utanlandske tilsette isolert og dermed ikkje integrert utover det faglege. Då får dei heller ikkje treninga som norskkursa forventar at dei skal ha, fortalte Sandøy.
Sandøy peika også på at mange av dei utanlandske tilsette tykkjer det er utfordrande å få delta på norskkursa i så stor grad som ønskjeleg.
– Kursa har i vorte konsentrert til arbeidstida og det er ikkje i tråd med det forslaget vi skreiv. Valet på tidspunkt har blitt innskrenka og dei er plaga av stort fråfall. Det er større fråfall blant dei tilsette som går på kurs enn det er med andre som går på norskkurs. Det vert grunngjeve med at det ikkje er tilrettelagt nok på arbeidsplassen. Det blir ei konflikt med instituttpliktene som dei elles har.
(Artikkelen held fram under biletet)
Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, var ikkje heilt samd i at interessa for språkpolitikk hadde dabba av ved UiB, men lovde at rektoratet skulle vere med på å drive den vidare. Foto: Invild Festervoll Melien
Ikkje samd i at interessa har dabba av
Tilstade på konferansen var også Oddrun Samdal, viserektor for utdanning. Ho er ikkje heilt samd i at interessa for språkpolitikk har dabba av ved UiB.
– Eg veit ikkje om vil seie at det har dabba av, men vi har kanskje ikkje heilt klart å institusjonalisere det. Det er der vi no må gripe fatt og sjå på gode råd og ikkje minst gode praksisar på andre universitet og korleis vi kan følgje det opp.
– Dei frammøtte på konferansen fekk mellom anna høyre om stor skilnad på språksentra ved UiB og KU. Kva tenkjer du om det?
– Det er klart at det er enorme resursforskjellar på kva som er sett inn her. Det som eg trur er viktig for å få til ei fagleg god satsing er at nokon set seg ned og lagar ein god plan der dei synleggjer resursbehovet og kva dei resursane skal brukast til. Og der treng nok vi som leiing hjelp frå fagmiljøa og kompetansepersonar i organisasjonen.
Vil følgje opp framsida av UiB.no
Som nemnt tidlegare fekk UiB mellom anna skryt for nettsidene sine og bruken av nynorsk, men det er altså forbetringspotensiale på framsida. Samdal forsikrar om at dei vil halde fram arbeidet med å sikre ein god nynorsk.
– Som rektorat er vi opptekne av språkpolitikk og tek det på alvor i vårt daglege virke ved at vi for eksempel er merksame på å svare på det målføret vi får ein førespurnad på. Når det kjem til dette med mangelen av nynorsken på framsida så er jo det noko som det er veldig lett å gjere noko med og no som vi har blitt merksame på det så tenkjer eg at det skal vi klare å følgje opp, seier Samdal
Rektoratet vil vere med å drive det vidare
Lufta har ikkje gått fullstendig ut av ballongen, men lufttrykket har gått ned og då blir ballongen slakk, meinte Sandøy i dag. Kva kan de i leiinga gjere no framover for å blåse meir liv i ballongen?
– Det handlar om å få sett strukturar på dette. Vi skal vere med å drive det og respondere, men det å utvikle språkpolitikken trur eg ikkje det er rektoratet som skal gjere. Det treng vi hjelp til og vi må finne prioriteringspunkta felles i organisasjonen, sa Samdal.