Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Ein sekk pengar kan ikkje undervisa, seier Magne Seierslund. Studentrepresentanten kjem til å røysta mot saka om hyppigare forskingstermin, som skal opp i universitetsstyret i morgon.
– Det er ingenting i desse sakspapira som har fått meg til å endra haldning, seier Magne Seierslund. I førre universitetsstyremøte var studentrepresentanten blant dei som var kritiske til forslaget om at vitskaplege tilsette kan få forskingstermin allereie etter fem år, mot etter seks år i dag. I forslaget til budsjett for 2013 var det sett av tre millionar kroner til dette. Saka vart utsett. I morgon skal ei eiga sak om forskingstermin opp. Listar opp tiltak – Ordninga inneber anten mindre undervisning, dårlegare undervisning, eller at meir må gjerast av dei som vert att. Det vil gi mindre tid til forsking for desse, sa Grønlie. I saksutgreiinga til morgondagens møte er UiB sine tiltak for å fremja kvalitet i forking og undervisning lista opp. Korleis oftare forskingstermin praktisk kan gjennomførast, seier papira mindre om. 150 000 til kvar – Det vil vera ti årsverk med undervisningskapasistet som må erstattast for at oftare forskingstermin ikkje skal svekka undervisninga, heiter det i sakspapira. Dei tre millionane betyr 150 000 kroner for kvar av dei ekstra personane med forskingstermin. Midlane kan brukast til kompenserande tiltak, og til dømes til meir bruk av gjesteførelesarar, heiter det. – Det einaste sakspapira viser, er at desse tre millionane nok vil strekka til, slik at det vert ei relativt god finansiering. Men som det vart peika på i førre styremøte: Ordninga er allereie underfinansiert, seier Seierslund. – Eg held fast i det som har vore mitt poeng: Ein sekk pengar kan ikkje undervisa. Vil røysta mot – Eg reknar nok med at det kjem til å verta debatt om dette i morgon òg. Slik saka er no, kjem ikkje me studentrepresentantar til å røysta for ho. Men det er ikkje godt å seia kva fleirtalet meiner, seier Seierslund. Studentrepresentant Magne Seierslund er framleis redd for at oftare forskingsterming vil gi studentane eit dårlegare tilbod. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
– Det er ingen automatikk i at desse pengane vil gjera at studentane som studerer vil få ei like god utdanning, sa Seierslund då universitetsstyret debatterte saka i oktober-møtet. Han fekk støtte av både ekstern-representant Joakim Palme og Tore Grønlie, som representerer dei vitskapleg tilsette.
I dag er det kvart år 117 forskarar som har krav på fri til forsking. Den nye ordninga vil gjera at talet vert 137.
Studentrepresentanten seier at tilbakemeldingane frå både studentar og tilette han har snakka med, er at dette er ei ordning dei er skeptiske til.