Farga museet i "bleu, blanc, rouge" mot terror

Publisert

Studentar og tilsette minte offera etter terroråtaka i Paris i Universitetsaulaen i går. På utsida blei museumbygningen opplyst i dei franske fargane: Blått, kvitt og raudt.

Arrangementet blei leia av viserektor Anne Christine Johannessen, saman med mellom andre professor og fransk visekonsul Kjersti Fløttum.

Dei frammøte fekk og informasjon om kva tilbod UiB og SiB har i slike samanhengar, mellom anna psykologhjelp. 

Museet var òg opplyst i dei franske fargane for høvet. 

– Det er fint med ei minnestund der ein kan vise solidaritet, seier medisinprofessor Stephanie le Hellard, som underteikna kondolanseprotokollen. 

Powered by Labrador CMS