Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Måten EU publiserer informasjon på kan samanliknast med x-files. Det er ekstremt vanskeleg å finne fram, seier Britt Helle Aarskog ved Aksis som har laga eit informasjonslandskap om EU-lovgivinga.
Informasjonslandskapet blir flittig brukt i Frankrike foran den viktige EU-avstemninga søndag 29.mai. Om Frankrike stemmer nei kan det velte heile grunnlova. For at den skal bli realisert må alle 25 medlemsland godkjenne den. Nyleg avdekka den norske informasjonsvitaren at det er ulikheiter mellom teksten i den franske og den italienske lovteksten, og at nokre artiklar er lagt inn med feil nummer. Dette vart annonsert på nettstaden til ei fransk aksjonsgruppe på nei-sida for det det er verdt. Ho seier at i arbeidet med å omforme tekstane til hypertekst har ho laga lenker som viser i kor stor grad kommentarer frå politkarane og interessegrupper undervegs gjer seg utslag i endringar i lovtekstane. Talet på besøkande på nettstaden hennar har tredobla seg i mai. Nærare ti tusen brukarar har vore innom no i mai. Brit Helle Aarskog trur ein av grunnane til dette er at hennar tekst er anbefalt på ein fransk nettstad om EU som er svært godt besøkt framfor avstemninga om EU-lovgivinga. Her er Aarskog si hypertekst omtala med omgrepet ‘Hyper-Constitution’. Den er no er lagt inn på fire språk; engelsk, fransk, italiensk og tysk. Nyleg har EU byrja å lage sitt eige arkivlandskap som skal vere brukarvennleg, men ifølgje forskaren er dette svært komplisert å finne fram i. Til dømes finn ein ei uhorveleg mengde pdf-filer som er svært tungvinte å lese på nett og som er er heilt utan kryssreferansar og Aarskog er ikkje imponert.
- Men korleis skal folk kunne stemme for eller i mot ei felles grunnlov innanfor EU når dei ikkje veit kva som står i dokumenta, seier forskar Britt Helle Aarskog. Ho vart så provosert over kor vanskeleg det var, sjølv med svært gode kunnskaper i informasjonsvitskap å finne fram i dokumenta, at ho har laga eit informasjonslandskap over alle dokument som er publisert i prosessen fram mot ei EU-lov.
Avdekka ulikheiter
- Dette er ikkje ein alvorleg feil, for ein har berre gløymt å gje artiklane det nye nummeret den skulle hatt, og har i staden lagt den inn med det gamle nummeret, men det er det jo ingen som veit, og difor blir det umogleg for dei som skal setje seg inn i lovene å finne ut av feilen. Når det gjeld ulikheiter i oversetjing som eg og har funne kan det vere viktig. Medan det på eit språk heiter at ein har rett til respekt for, heiter det på eit anna at ein har rett til. Det kan tolkast som to ulike ting, seier Brit Helle Aarskog.
Åtvarar mot arkivdump
- Tekstane er oftast identiske med slik dei var frå dei juridiske ekspertane si hand. Eg har også merka meg at politikarane hadde svært kort tid på å lese dokumenta før dei skulle debattere dei i plenarsesjonane i perioden 2002-2003, seier Brit Helle Aarskog.
Ho seier at om ein skal ta dette med transparens og demokrati på alvor bør ein ikkje tilby dokumenta til borgarane i ein form som minnar om den reinaste arkivdump. Ein kan alltids klage over avgjerder innanfor EU-systemet, men Brit Helle Aarskog samanliknar informasjonstilgangen med Hitchikers Guide to the Galaxy, der jordboarar som ville klage på ei avgjerd fekk beskjed om at det var enkelt. Berre fire lysår borte, på ein av dei næraste planetane fanst jo alle dokumenta.
Tredobla besøket
Informasjonslandskapet til Aarskog er det mest fullstendige ho har kjennskap til i Europa. Ho har lagt inn all tilgjengeleg informasjon frå dei 28 såkalla plenarsesjonane som har danna grunnlaget for framlegget til EU-lovgiving. Alle dokumenta, over tusen i talet, er konvertert til hypertekst. Svært mange av dokumenta kryssar kvarandre: Det vil seie at det eine viser til det andre stadig vekk, og det blir nesten umogeleg å følgje tråden om ein ikkje tilrettelegg tekstene som hypertekst. I ein slik struktur er seksjoner som er tematisk relaterte knytta til kvarandre og dermed ‘eit klikk unna’.
- Å legge inn tekstene frå dokumenta har vore ein grusom jobb, seier ho no, men legg til at ho likevel vart trigga av å prøve å finne ut korleis ting heng saman.
”Brukarvennlege pdf-filer”
- For vanlege borgarar er det meir eller mindre umogleg å følgje med på kva EU driv på med, avsluttar Brit Helle Aarskog.
Aksis har no framme forslag til prosjekt der Aarskog sitt digitale informasjonslandskap er ein prototyp. Dei foreslår at denne kan nyttast for publisering av EU-dokument på språka i medlemslanda. Dei sentrale omgrepa er forvalting av informasjon med såkalla ‘Language Management’ som styrande prinsipp.