Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Etter tjue års blodig borgarkrig i Sudan er det no venta at partane i nær framtid skriv under ei fredsavtale. - No må vi gripe sjansen og gjenopprette samarbeidet mellom UiB og universitet i Sudan, seier Munzoul A.M. Assal frå antropologi og Ove Stoknes ved Senter for utviklingsstudier.
Dei er redd dei tette banda som har vore mellom UiB og Khartoum kan gå tapt om ikkje det vert nyrekruttering av forskarar og revitalisering av samarbeidsavtala. Denne vart frosen i 1992. Om fredsavtalen kjem i stand vonar Munzoul og andre som har vore involvert i samarbeidet med Sudan at UiB vil opna opp at linken til det krigsherja afrikanske landet. Sudan var lenge ei “suksesshistorie” i akademisk nord-sør samarbeid. Samarbeidet mellom Bergen og Khartoum vart i 1992, i ein UD-rapport, beskrive som ein “modell innan Skandinavia som representerer den mest utvikla modellen for samarbeid mellom eit skandinavisk universitet og et universitet i eit mindre utvikla land”. Munzoul A.M. Assal kom til UiB for fem år sidan etter å ha blitt rekruttert av professor i sosialantropologi, Gunnar Håland. Assal har nett teke doktorgrad i sosialantropologi og reiser no tilbake til ei stilling ved universitetet i Khartoum. Han er optimist på vegne av heimlandet - og trur på ei positiv utvikling. Mange forskarar er i ferd med å vende tilbake til Sudan etter mange år i diaspora. Assal fortel at det er stor optimisme knytt til våpenkvila som er venta snart, kanskje allereie før nyttår, seinast til sommaren.
- Vi ønsker å ha student- og forskarutveksling, etablere prosjekt og generelt å bygge vidare og auke kompetansen på Sudan. UiB er faktisk eitt av dei aller beste universiteta i verda på Sudan-kunnskap. Dette må vi ta vare på og videreføre, oppmodar Stoknes. Ei rekke fagfelt ved UiB har arbeidd med Sudan som historie, odontologi, medisin, arkeologi, botanikk og sosialantropologi.
Sudan - en modell
Samarbeidet går langt tilbake. Det starta med at sosialantropologen Fredrik Barth oppretta kontakter med universitetet i Khartoum allereie på 1960-talet. På 1970- og 1980-talet var det mykje forskarutveksling mellom UiB og Khartoum, og det heile vart grunnfest i ein institusjonell avtale i 1981. I 1992 vedtok Kollegiet å ikkje fornya avtalen med Khartoum universitet som følge av brot på menneskerettar og sensur innført av den islamistiske regjeringa, og politisk overstyring av universitetet. På 1990-talet vart universiteta i Sudan sterkt skadelidande under regimet, ikkje minst gjaldt dette universitetet i Khartoum.
Regimet ville bruke høgare utdanning til ein ideologisk transformasjon, kontrollere forsking, forby fagforeningar og ei rekke andre tiltak som gjorde tilhøva svært vanskelege. Mot slutten av 1990-talet prøvde administrasjonen ved Universitetet i Khartoum likevel å blåse liv i gamle samarbeidsavtaler.
Frå vondt til betre
- Motsett kva ein kanskje kunne frykte forstod regimet etter kvart at dei måtte gå inn på ei meir kompromissvillig line. Universiteta, og særskilt universitetet i Khartoum har blitt mjuka kraftig opp og det er mange teikn til demokratisering, openheit og endringar frå det islamske regimet si side. Folket er krigstrøtte og regimet ser ut til å vere innstilt på å komme den kristne opposisjonen i møte på mange område, seier sudanaren.
Han er ein av 14 sudanarar som har fått si utdanning ved UiB på 1990-talet. Ni av desse har tatt doktorgrad.
- Desse er gull verdt i gjenoppbygginga av Sudan - og kan og vere framifrå kontaktpersonar og koordinatorar for samarbeid med UiB, seie Munzoul A.M. Assal som er svært interessert i samarbeid med UiB etter at han vender tilbake til Sudan.
Vender tilbake
- På mange område har ein allereie forhandla fram avtaler som skal reie grunnen for fred. Mellom anna gjeld dette spørsmål knytt til tryggleik. Våpenkvile har det allereie vore i eitt år, fortel han.
Noreg, USA og England er landa som prøver å mekle fram ei fredsløysing i det som er den lengste krigen i Afrika. Også Senter for utviklingsstudier og CMI har spela ei rolle som vertskap for dei stridande partane i Sudan ved fleire høve sidan 1980-talet.
Senter for utviklingsstudier ønsker no å lodde interessa for Sudan og ber folk ta kontakt.
- Vi ser for oss samarbeid med fleire universitet. Dei mest aktuelle er kvinneuniversitetet Al Ahfad og universitetet i Juba, forutan universitetet i Khartoum. Andre kandidatar for samarbeid er The Red Sea University og Umm Durman Tech. University, seier Ove Stoknes.