Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Det er svært vanskeleg å få til ei demokratisk utvikling i Sudan når landet framleis vert styrt av den same regjeringa som står bak ekstremt brutale brotsverk mot borgarane, seier nyutnevnt æresdoktor ved UiB, Fadwa A. A. Taha.
- I fredsavtala snakkar ein om nasjonal forsoning, men ein nemner ikkje alle brota på menneskerettar som har funne stad, og kva med korrupsjonen? Den er heller ikkje nemnt, seier Taha. Ho meiner ein annan svakheit med avtala er at den ikkje seier noko om at den religiøse militsen som er knytt til regjeringa bør leggjast ned. Den sudanesiske professoren held tirsdag gjesteførelesning i høve utnemninga som æresdoktor ved Hf-fakultetet. Historikaren snakka om vanskane knytt til fredsavtalen som vart underteikna våren 2004, ei fredsavtale Taha omtalar som svært komplisert og detaljert, men samstundes full av hol. Historieprofessoren meiner vidare at det er udemokratisk at avtala skal stå over grunnlova, og at dei som stiller til val i Sudan må love å stille seg bak avtala. Taha meiner dei økonomiske tilhøva i Sudan kan vere ein av dei verkelege snublesteinane for avtala, men seier også at det fins dei som seier at oppdaginga av olje i Sør-Sudan kan vere ein faktor som bidreg til å bevare Sudan som ei eining. Skal olja delast mellom ulike fraksjonar i sør kan dette føre til store problem mellom ulike stammar. For om eit delt Sudan skulle bli løysinga etter overgongsperioden frå 2004 til 2010 er det vanskeleg å bygge ein nasjon i sør, og også i nord er dette eit problem, meiner den sudanesiske professoren. Ifølgje Taha har fredsprosessen styrka posisjonen til det sitjande regimet. Ho meinte det er svært lite truleg at dei vil trekke seg frå regjeringsmakt før valet om tre år, der det skal veljast både president og nasjonalforsamling.
- Sudanesarane er livredde for sikkerhetsstyrkane, men likevel blir styrken førebels uforandra. Avtala innheld ingen punkt om kven som eventuelt skal få i stand ein ny, og meir rettvis styrke, som folket kan ha tillit til. Det er eg sterkt kritisk til, seier Fadwa A.A. Taha.
Avtala står over grunnlova
Likevel ser ho på fredsavtala som det viktigaste som har skjedd i Sudan sidan landet vart uavhengig, men meiner at det er mange skjær i sjøen for gjennomføringa av dei mange punkta i avtala. Eitt stort problem er konflikta i Darfur, og det kan også oppstå liknande konflikter i aust-Sudan, ifølgje Taha.
I heile Sudan lever 95 prosent under fattigdomsgrensa og landet har 21 milliardar dollar i utanlandsgjeld. Landet treng óg å bygge opp heilt ny infrastruktur, og etter over tjue år med borgarkrig er landet altså nærast konkurs. Over to millionar sudanesarar har mist livet i borgarkrigen og over fire millionar er internflyktningar.
Olje kan samle sudanesarane
Frigjeringsrørsla SPLM/A, og deira leiar John Garang, som har vore ein sentral part i utforminga av fredsavtala, ønskjer eit samla Sudan. Dei har likevel uttalt at dette avheng av korleis folket i sør vert handsama i overgongsperioden. Sør-sudanesarane er langt på veg samla mot regjeringa i Khartoum og står i stor grad bak John Garang og hans frigjeringsrørsle. Den islamistiske regjeringa i Khartoum er er eit militærregime som kviler på hæren, politiet, diverse militsar, og Den nasjonale islamske fronten, NIF. Dei er svært upopulære og har liten folkeleg støtte også i Nord-Sudan og blant ordinære muslimar. Likevel har dei i dei seinare åra med hell jobba hardt for å betre det internasjonale omdømet sitt.
Regjeringa styrka av fredsprosessen
Trass i auka legitimitet internasjonalt har regjeringa halde fast ved mange udemokratiske praksisar internt i Sudan. Til dømes har institusjonar i sivilsamfunnet der potensielle opprør mot regjeringa kunne ha starta vorte knebla. Ifølgje Taha har Khartoum-regimet øydelagt fagrørsla slik at denne i dag, i motsetnad til tidlegare, er blitt svært svekka. Også dei frivillige organisasjonane i Sudan er svært svake. Æresdoktoren frå Sudan meiner at eit samla Sudan – ein føderasjon mellom Sør og Nord - er den beste løysinga, men fryktar at det kan ende med ei total splitting
- Eg er uroa for framtida. Eit samla føderalt Sudan er framleis mogleg etter overgongsperioden på seks år, men for første gong opnar ei fredsavtale for ein mogleg separasjon. Eg vonar vi får behalde eit samla Sudan, men eg er slett ikkje sikker, avslutta Fadwa A. A. Taha før ho sette seg på flyet tilbake til universitetet i Khartoum.