Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2006 skal delast, i to like store delar, mellom Muhammad Yunus og Grameen Bank for arbeidet deira for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå. Varig fred kan ikkje skapast utan at store folkegrupper finn vegar til å bryta ut av fattigdom. Mikrokreditt er ein slik veg. Utvikling nedanfrå verkar og til å fremja demokrati og menneskerettar, står det i pressemeldinga frå Den norske Nobelkomiteen.
Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2006 skal delast, i to like store delar, mellom Muhammad Yunus og Grameen Bank for arbeidet deira for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå. Varig fred kan ikkje skapast utan at store folkegrupper finn vegar til å bryta ut av fattigdom. Mikrokreditt er ein slik veg. Utvikling nedanfrå verkar og til å fremja demokrati og menneskerettar, står det i pressemeldinga frå Den norske Nobelkomiteen. Muhammad Yunus har vist seg som ein leiar som har greidd å omsetja visjonar i praktisk handling til beste for millionar av menneske, ikkje berre i Bangladesh, men og i mange andre land i verda. Lån til fattige utan noka økonomisk trygging syntest vera ein umogleg tanke. Frå ein smålåten start for tre tiår sidan har Yunus, fyrst og fremst gjennom Grameen Bank, utvikla mikrokreditt til eit jamt viktigare verkemiddel i kampen mot fattigdom. Grameen Bank har gjeve idear og mønster for dei mange institusjonane innanfor mikrokreditt som har oppstått rundt om i verda. Kvart einaste individ på jorda har både potensiale og rett til eit verdig liv. På tvers av kulturar og sivilisasjonar har Yunus og Grameen Bank vist at jamvel dei fattigaste av dei fattige kan verka til eiga utvikling, meiner Nobelkomiteen.