Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Leiar: Fridom og demokrati er som kjent ikkje noko ein har, men noko ein må kjempe for kvar dag.
Ei rekkje stader i verda er forskarar i fare. Under totalitære regime er den frie forskinga noko av det første som blir knebla. Frie akademikarar blir knebla eller erstatta av politisk «korrekte» forskarar, enten det gjeld raselære, miljøspørsmål eller statsvitenskap. Slike problem kjenst fjerne i vesle, trygge Bergen. Vi har eit velfungerande og rikt universitet etter dei fleste standardar. Sjølv når det gjeld rangering bør vi vere rimeleg nøgde i høve til dei fleste andre universitet i byar på vår storleik. Og det gjeld enten vi ligg som nummer 135 eller 250. Men sjølv her ved UiB er fridomen aldri trygg, sjølv om perspektiva er heilt andre enn i Colombo eller Teheran. Fridomen må brukast, og vi må jobbe for demokratiske, opne prosessar. Ikkje berre valdagen, men kvar dag mellom vala. Difor blir 2013 eit viktig år for UiB. Det skal veljast ny rektor, og tilsetjast direktør. Universitetsstyret er på val, og det blir fleire nye dekanar, og nyvalde organ på fakultets- og instituttnivå. Tilsette og studentar får ein ny sjanse til å styre kva retning UiB skal gå i, og kjenne at dei tek del i eit levande demokrati. På Høyden har og blitt uavhengig av universitetsleiinga sidan førre val, og fått redaktørplakat. Frie medier i universitets- og høgskulesektoren er ikkje eit vanleg fenomen internasjonalt, men eit viktig prinsipp for å sikre frie val på universitetet. Vi i På Høyden har ingen synspunkt på kven som bør bli ny rektor, men vi håper at valet blir så grundig og ope som UiB, Bergen og den frie forskinga fortener. Vi vil gjere vårt for å leggje til rette for debatt og meiningsytring kring valet, og for at framtida til UiB står i fokus. Godt val!