Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tillit er ein grunnleggjande verdi i det norske samfunnet, meiner SV-leiar Audun Lysbakken og filosof og arbeiderpartimedlem Gunnar Skirbekk. – Aukande ulikskapar er øydeleggjande for tilliten, meiner Lysbakken.
– Kva hadde Noreg frå 1814 og framover som andre ikkje hadde? Filosof og professor emeritus Gunnar Skirbekk stilte spørsmålet då Arbeiderpartiets studentlag i Bergen og Høyden Sosialistisk Ungdom torsdag arrangerte lunsjdebatt. Raudgrøn eller grøn og raud? Han trekte opp dei store linjene om tida der embetsstanden stod mot bøndene, og der dei folkelege rørslene, mellom anna via Hans Nilsen Hauge, vaks fram. – Då parlamentarismen vart innført, abdiserte embetsstanden frivillig. Gjennom prosessen som hadde gått føre seg i tiåra før, hadde ein fått tillit til lover, tillit til endring og tillit til dei andre personane, sa Skirbekk. Dei politiske partia vart i hovudsak danna i åra etter 1884. Filosofen meiner at ei raudgrøn regjering er logisk historisk sett, sidan bandet mellom bønder og arbeidarorganisasjonane har vore sterkt. SV-leiar Audun Lysbakken var sjølvsagt samd. – Ein snakkar om raudgrøne eller raude og grøne verdiar. Dette er ein allianse som for sjeldan har vore realisert, sa han, og stilte spørsmål ved korleis ein kan byggja vidare på tradisjonen og samstundes få inn nye perspektiv i eit meir mangfaldig samfunn. Fridom – og ansvar Fridom er ein annan viktig verdi for Lysbakken. Han kalla ordet «fridom» eit honnørord som alle politiske parti vil kjempa for eigarskap til. – Venstresida har vore for dårlege til å kjempa for ordet, seier Fugelli, sa Lysbakken, og viste til professor Per Fugelli sin mykje omtala kronikk der han skriv om raud og blå fridom. Den blå fridommen har enkeltmenneske sin fridom i sentrum, den raude ser på fridom som ein verdi som skal delast. – Kva er det nasjonale fellesskapet, og kva er det å vera norsk? Me må kjempa for nokre felles verdiar, og meir mangfald gjer verdidebatten viktigare, sa Lysbakken. Men med fridom følgjer det òg ansvar, sa Skirbekk. – Det er eit skilje mellom å vera ein statsborgar og å vera ein undersått, slik ein hadde i tidlegare tider. Å ha fridom til å vera med i eit demokrati gir deg eit medansvar for det som skjer. Å delta i val er å gi vedkomande makt – og ein får dei politikarne ein fortener, sa Skirbekk. Kritisk til media – Korrupsjon og store materielle skilnader, seier Skirbekk til På Høyden. – Men òg system som New Public Management, som byggjer på ein marknadsmekanisme om at eigeninteressene skal styra. For mykje privatisering kan òg svekka tillit. – Tilliten er skjør, legg Lysbakken til. – Økonomiske ulikskapar er øydeleggande, det same er ein medierøyndom som skjuler samanhengar. TV2-nyheitene har til dømes som premiss at det er fælt å bu i Noreg, hevdar SV-politikaren. Han får støtte frå Skirbekk, som meiner det er problematisk at media òg er verksemder i ein marknad. – Ein skal tena pengar og ein skal korta stoffet ned. Ein treng ein offentleg sfære som er rimeleg opplysande. Difor er skulen viktig, pressestøtta er viktig, og eg meiner òg at NRK er viktig, seier han. Bernt og Aarebrot Fram mot valet kjem det til å verta arrangert fleire liknande debattar, mellom anna med Frank Aarebrot og Jan Fridtjof Bernt i panelet.
– Tillit, svarte Skribekk på sitt eige spørsmål.
– Det er ein samanheng mellom små skilnader og tillit. Forsking viser at liten økonomisk skilnad mellom menneske gir betre score på alle felt, sa Lysbakken, og la til at ein då tek utgangspunkt i eit visst økonomisk nivå.
– Kva kan svekka tilliten?
– Dette skal handla om norske verdiar, og om kva som venstresida sine mål og verkemiddel dei neste hundre åra, sa Peter Hatlebakk, leiar for Arbeiderpartiets studentlag, då han innleia debatten.