Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– I vår tid er det ikkje økonomiske resultat og tekniske framsteg som er viktigast for menneskeleg frigjering. Det er ein annan type fridom som må forsvarast.
Over 350 tilhøyrarar stua seg saman i auditorium 1 i Jussbygget, og sat som tende lys lyttande til professor Julia Kristeva under årets intellektuelle happening i Bergen. Vinnaren av den første Holbergs internasjonale minnepris foreleste under tittelen ”Thinking liberty in dark times”. I vår tid, som Kristeva ser på som ein mørk epoke – korleis kan vi finne fridom og frigjering? Ho teikna opp to ulike kulturar og idear rundt fridom og kva fridom kan vere, med ein klar underliggande støtte til det europeiske integrasjonsprosjektet. Den ein typen, som dominerer i dag, er kjenneteikna av ein logikk der produksjon, vitskap og økonomi dominerer. Den andre forma for fridom, som Kristeva vil forsvare og løfte fram, har djupe røter i det gamle Europa, og særleg i ein fransk intellektuell tradisjon som Kristeva plasserer seg sjølv i. På det politiske planet kjem den i dag til uttrykk i europeiske, solidariske og sosialt orienterte krefter i EU som, ifølgje Kristeva, Frankrike står i spissen for. Desse kreftene står i opposisjon til den dominerande ”amerikanske modellen” med sin tekniske og økonomiske fridomslogikk. Etter Kristevas innlegg var det duka for debatt med fleire framståande Kristeva-kjennarar i panelet: Atle Kittang frå Universitetet i Bergen, Irene Matthis frå Universitetet i Umeå, John Fletcher frå University of Warwick, Kelly Oliver frå Vanderbilt University og Sarah Beardsworth frå University of Illinois.
Globaliseringa
– Å vere fri i denne samanhengen, er det same som å profitere på tilpassingar til denne logikken av årsak og verknad og på den økonomiske marknaden. Denne typen fridom kulminerer i globaliseringa sin logikk og den uavgrensa, frie marknaden, sa Kristeva, som samstundes understreka at ho ikkje forkasta verdien i ei slik førestelling om fridom i sin heilskap.
– Eg seier berre at dette ikkje er den einaste forma for fridom.
Menneskeleg frigjering
– Grunnlaget for samlinga på det europeiske nivået er eksistensen av ein annan type fridom som må forsvarast. I vår postmoderne tid er det ikkje økonomiske resultat og tekniske framsteg som er viktigast for menneskeleg frigjering – sjølv om dette utan tvil var tilfellet i den føregåande perioden av kapitalismen. Det som er viktig i dette perspektivet, er det sæeigne, kunsten å leve, smak, fritid, det å ikkje gjere nokon spesielt, det uventa, leik og til og med våre mørke sider. Dette er element som karakteriserer den europeiske kulturen og som, får ein håpe, tilbyr eit alternativ til den globaliserte verda vi lever i.
Ifølgje Kristeva er ”den europeiske modellen” ikkje noko som er eksklusivt av og for Europa.
– Dette er i vår mangfaldige verd si interesse, og også i Amerikas interesse.
For spesialistane
Samtalen tok meir form som ei dialogisk rekkje av forelesingar enn som ein paneldebatt. Det var neppe ei ulempe å vere spesialist i psykoanalytisk teori under denne delen av programmet.