Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med vadmelsbukser, pemmikan og frosne appelsiner starta ein gjeng unge hardingar i dag tidleg ein dryg skitur for å hylle den unge Nansen.
– Det er den unge, framoverstormande Nansen som er vår helt, fortel ekspedisjonsleiar AK Glück-Teigland, som har spart opp ein god Nansen-bart til ekspedisjonsstart.
I går var det Nansen-symposium på Nansensenteret. Etter ei overnatting i Musikkpaviljongen midt i Bergen sentrum tok dei 10 deltakarane toget til Voss, og hesteskyss oppover Raundalen. Derfrå går skituren via Hallingskeid, Geiterygghytta og til Sudndalen nord for Hallingskarvet. Du kan følge ekspedisjonen her.
Fridtjof Nansen var student ved Bergens Museum – forløparen til Universitetet i Bergen – då han i 1884 kom over ein notis om at det skulle vere skirenn i Husebybakken i Oslo ei veke seinare. Nansen fikk skyss delar av vegen, men gikk aleine på ski over fjellet, både fram og tilbake.
Han tok seinare doktorgrad på nervesystemet til slimålen, og blei ferdig i 1888. Fire dagar etter disputasen drog han til Grønland for å gå over isen, og polareventyret til Nansen kom skikkeleg i gang.
Men vegen til Arktis starta altså då den unge Nansen gjekk ut døra i Bergen, og gjekk på ski over fjellet. Nansen si eiga historie om turen kan ein lese i «Skitur fra Voss til Kristiania og tilbage», som mellom anna kan lånast frå Universitetsbiblioteket i Bergen.
Den vitskaplege arven fører mellom andre Nansensenteret vidare, med eit særleg fokus på målingar, oseanografi, is og vêr i Nord-Atlanteren og Arktis.
Dei ti hardingane som dreg på tur er særleg fascinerte over den yngre Nansen.
– Dette er ein bunnsolid egotripp i 16-17 dagar, forsikrar AK Glück-Teigland.
– Vi spør oss kven den unge, kule Nansen ville ha vore i dag.
Dei skal gå lengre på ski enn Nansen gjorde på sin tur, og dei har gammaldagse pulkar i tre bak seg, noko Nansen ikkje hadde.
– Med oss på turen har vi alt mellom entreprenørar og mjølkebønder som gler seg til å sleppe å mjølke kyrne på 14 dagar, fortel Glück-Teigland.
Dei har lagt pemmikan som niste. Det er tørka, rått kjøt i småtrevlar, innstøypt i fett.
– Det er ganske ilt å ete, er dommen over den klassiske ekspedisjonsmaten.
At pulkane både er tunge og har dårleg gli, passar slik sett godt inn.
– Liding fører fram. Det går an å gå på tur utan å ha det moro, er motto for turen, hevdar Glück-Teigland.
Hardingane går eigentleg «feil» veg, for Nansen gjekk ruta forbi Hallingskeid på tilbaketuren. Austover drog Nansen via Lærdal.