Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For 20 år sia oppdaga Robert Pickart ein havstraum med synkande vatn i Nord-Atlanteren. Ein norsk utvekslingsstudent sette han på sporet av gløymd kunnskap frå Nansen.
Robert S. Pickart er seniorforskar ved Woods Hole Oceanographic Institution (WHOI), som er ein viktig samarbeidspartnar for det marine miljøet på UiB. I førre veke var Pickart i Bergen for å delta på havkonferansen Ocean Outlook, og fortalde deltakarane om korleis han oppdaga det same som Nansen - berre hundre år etterpå.
På same måte som havforskaren Fridtjof Nansen interesserer Pickart seg for havstraumane. Golfstraum-systemet fraktar varmt vatten frå tropene til Norskehavet. Når det varme overflatevatnet blir nedkjølt synk det ned, og blir transportert sørover igjen i djupna. At overflatevatn synk og blir til djupvatn blir kalla djup konveksjon, og denne prosessen skjer berre nokre få stader på verdshava. Bukta Golfe du Lion i Middelhavet er eit slikt område, Labradorhavet mellom Newfoundland, Labrador og Grønland eit anna.
For 20 år sia oppdaga Robert Pickart og kollegaene eit nytt område med djup konveksjon, i Irmingerhavet, langs kysten av Grønland sør for Island. Straumen var ikkje like sterk og stabil som den kjende djupe konveksjonen i Labradorhavet, og meir avhengig av dei rette atmosfæriske forholda.
– Vi fekk funna publisert i Nature, og eg heldt eit seminar om fenomenet, fortel Pickart til På Høyden.
Like etter seminaret fann han ein artikkel på norsk liggjande på pulten sin. Det var ein norsk masterstudent som hadde funne fram Fridtjof Nansen sin artikkel frå 1912: Das bodenwasser und die abkuhlung des meeres. Internationale Revue der gesamten Hydrobiologie und Hydrographie Band V, Nr. 1:1–42.
I artikkelen skriv Nansen mellom anna om si hypotese om ein djup konveksjon i Irmingerhavet, sjølv om han ikkje hadde fullstendige data som kunne stadfeste det. Men hypotesen var den same som Pickart fann og fekk data på i neste århundre.
– Vi forskarar opplever tidvis å bli slått av andre som får publisert før deg. Men eg blei altså slått av nokon hundre år tilbake i tid!
Pickart fekk omset artikkelen frå tysk til engelsk, og prøvde å finne ut korfor han som havforskar aldri hadde høyrt om hypotesen til Nansen.
– Eg las alt eg kunne finne om Nansen. Det viste seg at tyskarane seinare fekk data som stadfesta hypotesen hans, og dette var med i lærebøker i oseanografi fram til 1980-talet, fortel Pickart.
Konveksjonen har truleg òg vore mindre kjent i USA fordi amerikanske forskarar har fokusert meir på Labradorhavet.
– Det blei ein ekstrem lærepenge om at du må gjere heimeleksene dine, seier Pickart.
Felles forsking, teknikkar og datainnsamling var òg tema på konferansen Ocean Outlook 2017.
– Havet er svært vanskeleg å få data frå, fortel Pickart, som set pris på samarbeidet med havforskingsmiljøet i Bergen.
– Bergen er er et veksthus for forskningen, og et av de beste stedene i verden for oseanografer.