Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er ikkje slik at norske legar nærmast kastar sjukmeldingar etter pasientane, seier Silje Mæland, forskar ved Uni Helse og Hemil-senteret.
I arbeidet med doktorgradsavhandlinga intervjua ho i alt 126 norske, danske og svenske legar om korleis dei vurderte helsetilstand og behov for sjukmelding hos ei rekke pasientar med alvorlege, subjektive helseplager. Funna viser at praksis hos norske legar ikkje skil seg frå dei andre landa i Skandinavia i møte med pasientane. Samde om sjukmelding Mæland er forskar ved Uni Helse og førstelektor ved Høgskulen i Bergen ved Institutt for ergoterapi, fysioterapi og radiografi. Frå 2008 til 2012 har ho vore forskar III og stipendiat ved Uni Helse og Hemil-senteret. Fredag disputerte ho for ph.d-graden med avhandlinga «Sick leave for patients with severe subjective health complaints. Challenges in general practice». – Ei av studiane viser at 70 prosent av legane var heilt samstemte om at det var naudsynt med sjukmelding. Dei var samde om at det var risiko for at pasienten ville verte dårleg dersom han eller ho heldt fram med å arbeide, seier Silje Mæland Stort spenn i diagnosar Trøttheitsplagar, angst, verkande rygg, stiv nakke, tomeheitsfølelse, vanskar med å sove, trøblete mage og fordøyelse, vanskar med å strekke til. Dette er diffuse plagar som kvar for seg ikkje er veldig alvorlige, men som for nokon vert så plagsomme at dei må sjukmeldast. – Legane må skrive ei årsak til sjukmeldinga, ein sjukmeldingsdiagnose. Men kva skal dei skrive? Funna våre viser at det ikkje er ein klar systematikk i kva diagnose legen skriv. Sjukefråværsstatistikken skal kunne fortelje noko om kva diagnosar som gjer at folk ikkje kan arbeide. For at det rette forskingsarbeidet og dei rette helsetiltaka skal settast i gang er det avgjerande at grunnlaget for statistikken er riktig. Silje Mæland forklarar at pasientane også vel å forklare plagene sine ulikt. – Pasientane attribuerer plagene sine ulikt. Nokre meiner det skuldast dårlig søvn, andre held fram problem på arbeidsplassen, stress, eller eit vanskeleg privatliv som årsaken til plagene. Vert kasteballar – Mange har lette psykiske lidingar, men er ikkje sjuke nok til å få rask behandling hos psykolog. Nokre får god hjelp av fastlegen sin. Andre vert sende frå spesialist til spesialist, og går heilt eller delvis sjukmelde i ventetida, seier Silje Mæland. Historisk lavt sjukefråvær Etter avhandlinga meiner Silje Mæland at det slett ikkje står dårleg til med norsk sjukmeldingspraksis. Legane sjukmelder verken for ofte, for sjeldan eller for tilfeldig. Sjølv om norske sjukepengeordningar er meir generøse enn dei danske og svenske, viser studien at skandinaviske legar er ganske samde når dei skal vurdere arbeidsevna til ein pasient. – Studien min er slett ikkje ein slakt av legestanden. Tvert i mot er den ein klapp på skuldra.
– Dette er pasientar som i litteraturen vert kalla «heart sink patients». Dei har dårlig helse, og rapporterer ei rekke plager som gjer at det er vanskeleg å vere i jobb, seier Silje Mæland til På Høyden.
Diagnosen pasientane fekk, derimot, varierte i stor grad.
Tjue prosent av arbeidsstokken står for 80 prosent av fråværet. Pasientar med såkalte samansette lidingar står for meir enn halvparten av langtidsfråværet i Norge. Av desse har førti prosent muskel -og skjelettplager, nitten prosent har psykiske lidingar, og fem prosent har mage- og tarmproblem.
Det legemeldte sjukefråværet er no på 5,6 prosent. Etter at IA-avtalen vart innført i 2001, har sjukefråværet gått ned med 18,5 prosent. Det legemeldte sjukefråværet har aldri vore lavare enn siste kvartal av 2012, då førre måling vart gjort, viser tal frå Nav.