Per Einar Binder er professor i psykologi. Foto: Marthe Njåstad

Binder får fritak frå styreverv

Notert: Per Einar Binder får fritak frå vervet som vara til universitetsstyret.

Publisert

Per Einar Binder er vara for gruppe A, vitskapeleg tilsette i fast stilling, til universitetsstyret. Før april-møtet hadde han søkt om fritak. Bakgrunnen er at Binder sit i dekanatet på Det psykologiske fakultetet, og det nye valreglementet seier at medlemmer av eit dekanat ikkje kan stilla til universitetsstyret. Universitetsstyret meinte at dette regelverket ikkje kunne ha tilbakeverkande kraft, men valte likevel å gi Binder fritak for resten av perioden. Dei tre varaene som er att, er Inga Berre, Nina Langeland og Petter Bjørstad.

Powered by Labrador CMS