Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei siste åra har det vore ei aukande kriminalisering av handlingar som kan føre til brotsverk, men utan at sjølve brotsverket er utført. Politiet kan visitere og overvake i fleire typar saker enn før, og kravet til mistanke er svekka. Juss-professor Erling J. Husabø meier det er viktig å sjå på dei prinsipielle spørsmåla dette reiser, og har no fått støtte til forskingsprosjektet «Pre-aktiv strafferett» av Forskingsrådet.
– Tradisjonell strafferett er det vi kan kalle re-aktiv. – Den generelle tendensen mot ein meir pre-aktiv strafferett kan Han peikar på at den pre-aktive etterforskinga ofte ikkje fører til
Etterforsking skjer normalt som respons på kriminalitet som alt er utført. Politiet kjem på bana etter at drapet, brannen eller bedrageriet har skjedd, og straffa blir utmålt som reaksjon på den skaden eller krenkinga som lovbrotet har medført. Dei siste åra har det vore ei sterk dreiing mot ei meir «pre-aktiv» kriminalisering, seier Erling J. Husabø, og kjem med ei rekke døme.
Våren 2002 vedtok Stortinget at det å kjøpa inn våpen for å utføra
eit alvorleg brotsverk, kan straffast med inntil ti års fengsel.
Etter endringar i straffeprosesslova i 1999, er heimelen for
telefonavlytting utvida til å gjelda alle typar saker med ei
strafferamme på minst ti år. Strafferamma for å bere kniv offentleg
vart óg i fjor vår heva til seks månaders fengsel, noko som opnar for
varetektsfengsling i slike saker. Samtidig fekk straffelova eigne
reglar mot å førebu og finansiere terrorisme.
Forsterka 11. september
sjåast på som ei utviding av den tenkjemåten som lenge har prega det
strafferettslege vernet om «rikets sikkerhet». På dette området har
det frå gammalt av blitt rekna som særleg viktig å koma den alvorlege
kriminaliteten i forkjøpet. Etter terroråtaket 11. september har
utvidinga av den pre-aktive strafferetten blitt forsterka. Det
tradisjonelle skiljet mellom saker som gjeld «rikets sikkerhet» og
andre saker har blitt meir utydeleg, og dermed også skiljet mellom
lovlydige borgarar og skurkar, meiner Husabø og legg til at dette
reiser mange nye prinsipielle spørsmål.
– Utviklinga mot å gripa inn på eit stadig tidlegare stadium av den
kriminelle verksemda medfører auka inngrep i privatsfæren. Når det
skal mindre til for å nytta slike metodar, aukar faren for at også
uskuldige vert telefonavlytta eller at det til dømes vert plassert ein
peileutstyr på bilen slik at politiet kan følgje med kvar denne er
til ei kvar tid. Dette reiser viktige spørsmål om kor langt vi som samfunn er viljuge til å tillata offentleg overvaking og kontroll for å verna om vår felles tryggleik. Det vert også eit spørsmål om kor langt ein kan gå i høve til menneskerettane i å avgrensa retten til respekt for privatlivet, seier Husabø.
Noreg må følgje ny EU-lovgjeving
straffesak, og at politiet si verksemd dermed ikkje kan kontrollerast
på same måten.
– Dette vert forsterka i europeisk samanheng. Det pågår no ein stor
diskusjon om den rettslege og demokratiske kontrollen med Europol -
og her har ein etter mi meining eit langt stykke å gå, seier Husabø.
Han meiner ein må tenkje nøye gjennom kva det inneber at Noreg
gjennom Schengen-avtalen forpliktar seg til å gjennomføre nye
EU-reglar som EU definerer som ein del av dette samarbeidet.
Prinsippet «gjensidig godkjenning» tyder også at EU-land i framtida
skal handheve avgjerder som er tekne innanfor andre unionsland.
– Det er eit aukande problem at vi sluttar oss til direktiv og ny
lovgjeving utan å sjå konsekvensane for rettstaten, seier professoren.
Forskingsprosjektet Pre-aktiv strafferett skal sjå på
strafferettslege tiltak mot terrorisme, Europol som samarbeidspartner
i norsk strafferettspleie, handhevinga av forbodet mot å bere våpen
og knivar, samt problemstillingar knytta til krav til mistanke om
brotsverk som vilkår for å gripe inn med til dømes overvaking og
visitering.
– Sjølv om samfunnet endrar seg, og dermed også behovet for
rettsreglar, må målsetjinga vere å ta vare på dei sentrale prinsippa
og verdiane som vi i dag reknar som kjenneteikn på ein rettsstat.
Dette kan berre gjerast ved ein fornya analyse av desse prinsippa og
korleis dei kan takast vare på i dagens samfunn.