Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Ein kan forstå Europas behov for å hevde seg i den globale kunnskapsøkonomien. Men eg er uroa over ulikskapane dette kan medføre, seier generalsekretæren i African Association of Universities, professor Akilagpa Sawyerr.
Sist veke var han i Bergen, då UiB var vertskap for Norsk Forening for Utviklingsforskning sin årlege konferanse. Der stod mellom anna globalisering, kunnskapsrevolusjon og utdanning i Sør på agendaen. Sawyerr fryktar at dette blir ein avgrensa mobilitet, med uheldige biverknader for land utanfor Europa. Straumen av studentar og fagfolk frå Sør til Nord er veksande, og generalsekretæren merkar eit større engasjement enn tidlegare for å rekruttere dei beste fagfolka frå Afrika. Generalsekretæren og jusprofessoren med fortid frå mellom anna University of Ghana og Berkeley, California, har fleire internasjonale verv bak seg, mellom anna i FNs komité for utviklingspolitikk. I dag er gapet stort mellom dei som har og dei som ikkje har, også når det gjeld kunnskap og tilgang til kunnskap. I følgje Sawyerr er dette gapet ikkje veksande berre globalt, men også mellom land og folk i Afrika. Utdanningsminister i Burkina Faso, Mathiev Quedraogo, som også gjesta Bergen sist veke, er meir positivt innstilt til å sende dei beste universitetsfolka til Europa eller USA. Akilagpa Sawyerr meiner globalisering kan vere ei positiv utviklingskraft for land i Sør, men då i ei anna form.
Neste år skal europeiske utdanningsministrar møtast i Bergen for å ta Bologna-prosessen endå eit steg framover. Bologna-prosessen skal sikre eit samkøyrt europeisk område for høgre utdanning, nedfelt i Bologna-deklarasjonen frå 1999. Målet er å gjere Europa til den leiande kunnskapsbaserte økonomien i verda og for å få til dette skal ein blant anna styrke internasjonaliseringa og mobiliteten mellom forskarar og studentar.
Dobbelt svekka
– Ein kan forstå Europas behov for å hevde seg i den globale kunnskapsøkonomien. Det eg er uroa over er ulikskapane dette kan medføre, seier Sawyerr.
I kombinasjon med stram innvandringspolitikk fryktar han at resultatet blir eit intellektuelt Festung Europa.
– Ein blokkerer for den billege arbeidskrafta – med mindre ein treng den – og dei fattige blir dermed verande i Afrika. Samstundes trekkjer ein dei mest kvalifiserte til Europa. Enkelt sagt er konsekvensen at Europa blir styrka, medan Afrika blir dobbelt svekka.
I følgje Sawyerr handlar denne utviklinga om meir enn ”brain drain”, eller hjernflukt for afrikanske land. Den rammar ikkje berre utdanningsinstitusjonane, den rammar i neste omgang heile samfunnet.
– Mange afrikanske land får eit slag i mellomgolvet, seier han.
Fryktar privatisering
Han meiner ei av dei viktigaste oppgåvene for forskarar verda over no er å kjempe for at kunnskap og kunnskapsproduksjon skal vere eit offentleg gode.
Sawyerr fryktar at fattige land skal bli taparane i den globale utdannings- og forskingsrevolusjonen, der kunnskap ikkje er eit sjølvsagt offentleg gode – men i mange samanhengar underlagt marknaden. Utdannings- forskingsinstitusjonar er i aukande grad på private hender, ikkje minst i Afrika. Dermed blir premissane endra for kven som skal ha tilgang og for kven som skal utvikle kunnskapen – og bestemme kva slags kunnskap ein skal ha.
– I mange land vil privatisering seie det same som å gi frå seg kontroll til utanlandske interesser. Dette har store konsekvensar i utdanningssektoren. Utdanning bør vere eit offentleg gode, derfor er det også avgjerande med ein nasjonal politikk som kan styre den, seier Sawyerr.
Gapet veks
– Globaliseringa er slik at den kan nå ut overalt og velje ut det den treng. Derfor er det ”lommer” i Afrika som har full tilgang. Dei som ikkje har tilgang, kan likevel ikkje rømme frå dei negative konsekvensane av globaliseringa.
Sawyerr meiner tilgang til kunnskap er ein grunnleggande rett – og at kunnskapen må utviklast i og tilpassast ein lokal kontekst.
– Men med mindre eit samfunn har tilgang til kunnskapen og kan forme den til sin eigen, har den ingen verdi. Derfor bør alle samfunn alle stader ha tilgang til mangfaldet av kunnskap, som er valutaen i det globale systemet.
– Kan vere positivt
– Vi kan ikkje stoppe dei. Dette handlar om folks fridom. Samstundes kan det vere positivt, dersom folk som reiser, held på banda til heimlandet. Vi må satse på å bygge opp lojaliteten, seier han.
Professor ved Center for International Higher Education ved Boston College, Philip Altbach, heldt innlegg på NFUs konferanse, og han deler ikkje denne optimismen.
– Omtrent 80 prosent av studentane frå India og Kina blir i USA etter fullført utdanning.
I følgje Altbach er ”multinasjonalisering” ein dominerande trend i globaliseringa av utdanning. Vestlege aktørar opprettar nye utdanningsinstitusjonar i ulike land; det kan til dømes vere universitetet som opprettar nye filialar og driv utdanning som ei form for ”franchise”-verksemd. Førebels har Storbritannia og Australia vore mest aktive, men USA er på veg inn.
– Profitt er det dominerande motivet. Multinasjonalisering av utdanning er ein måte å tene pengar på. USA tener i dag 12 milliardar dollar i året på utanlandsstudentane, seier Altbach.
– Håpar på Noreg
– Utvekslingar av studentar er viktig både for oss og for dykk.
Han meiner Noreg er eit land som har skilt seg positivt ut når det gjeld utdannings- og forskingssamarbeid med land i Sør – nettopp fordi marknadstenkinga ikkje har vore for dominerande.
– Eg har høyrt at dette kan vere i ferd med å endre seg. Men eg håpar den politikken som har blitt ført vil halde fram og bli forsvart mot marknadskreftene. Universiteta er ein av dei beste møteplassane for å begynne å gjere noko med ubalansen i globaliseringa generelt, seier Sawyerr til På Høyden.