Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den ferske rektoren Dag Rune Olsen engstar seg ikkje for konfliktar. Men han er redd for studentane.
Om få dagar kjem dei tilbake til Nygårdshøyden. Frå kontoret sitt på Muséplass kan Olsen kikke ut på løvestatua utanfor Universitetsmuseet. Snart vil det vrimle av nye studentar her. – Eg ser fram til å ønske dei hjarteleg velkommen. Ved å velje oss har dei gitt oss ei tiltrudd oppgåve. Vi vil gjere det vi kan for å gje dei den best tenkelege utdanninga. Dette er ei oppgåve vi går i møte med glede, entusiasme og det største alvor, seier Dag Rune Olsen. Bekymra for fadderveka – Eg håpar at dei grepa som er tatt i forhold til fadderveka vil føre til at det heile går pent for seg. Om det under fadderveka skulle skje noko med nokon av studentane, altså noko som truar liv og helse…nei, det ville vore forferdeleg. Vi får håpe det ikkje skjer. Store prosjekt ventar – Det er mange ting som rullar og går. Først må vi få gjennomført NOKUT-evalueringa der ph.d.-utdanninga og farmasiutdanninga skal verte granska. Vi skal også ta tak i dette med digital eksamen. Forholdet til UNI Research vert også svært viktig. Her har ein ny direktør kome på plass, og vi må utmeisle planar for eit vidare godt samarbeid. Vi skal også posisjonere UiB opp mot Horizon 2020, altså EU sin nye programstruktur. – Den største utfordringa er å sørgje for at miljøa får så gode rammevilkår at forskarar og undervisarar kan levere den beste kvaliteten. Gode rammevilkår er avgjerande for at vi skal lukkast. Ei svart, sparebøsse i mjuk plast, forma som UiB-ugla, er alt på plass på pulten. – Vi har spøka om at vi skal begynne å samle inn kollekt, seier Olsen og ler. Må fikse det uløyselege – Som rektor må eg hanskast med vanskelege saker på ein proff måte. Då kan eg ikkje gå og grue meg. Når til dømes personalsaker kjem på bordet mitt, verkar dei ofte uløyselege, og er veldig ubehagelege. Men hadde eg gått og grua meg til ubehagelege saker, kan eg ikkje ha denne typen jobb. – Nøgd – Første skuledag har vore flott. Vi har hatt ministerbesøk i fleire timar, der vi har fått presentere det gode arbeidet som skjer på UiB. I kveld får ein av våre dyktige forskarar profilering i TV2-nyhetene. Eg er spent på kva morgondagen vil bringe.
Men forventninga over den nært føreståande studiestarten har også eit skår av uro, fortel Dag Rune Olsen.
Når studiestart er over, ventar oppgåvene i kø.
– Kva har du grua deg mest til?
Dag Rune Olsen har så vidt fått flytta inn på kontoret med det solide skrivebordet og den grøne sofaen, akkurat så smal at den ikkje innbyr til ein cowboystrekk. Dagen starta med besøk av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, det heile dokumentert av TV2. Om litt skal han ete bollar med studentparlamentet.