Fryktar ikkje ny istid med det første

Publisert

I kveld har filmen ”The day after tomorrow”, som tek for seg katastrofar i kjølvatnet av menneskeskapte klimaendringar, premiere på norske kinoar. Skal ein tru forskingsresultata som er lagt fram på årets Bjerknesdagar 27. og 28. mai, er filmscenariet noko overdrive.

Bjerknesdagane er eit årleg seminar i regi av Bjerknessenteret for klimaforsking, der nye resultat blir presenterte for interesserte generelt og for senteret sitt Scientific Advisory Board (SAB) spesielt. I år er forskingspresentasjonane lagt til opne forelesingar om føremiddagen, medan SAB har lukka arbeidsmøte med forskargruppene om ettermiddagen.

– Vi har gjennomført ein del endringar ut frå dei råda vi fekk frå SAB i fjor, og er spente på korleis dei ser på det vi har gjort, vedgjekk direktør for Bjerknessenteret, professor Eystein Jansen.

Senteret har omorganisert forskingsgruppene sine, for å oppnå meir fokus. Forskingsgruppene er no tverrfaglege team, og blir leia av både røynde og unge forskarar, slik at ein systematisk får rekruttert nye leiarar. Forskinga er organisert i åtte forskingsaktivitetar. I tillegg er det oppretta tre overspennande forskingsfora for diskusjon, innovasjon og kvalitetskontroll.

Katastrofefilm skapar interesse

I den amerikanske katastrofefilmen ”The day after tomorrow” går den nordlege halvkula brått over i ei ny istid, mellom anna som følgje av at global oppvarming har redusert dei store varmetransporterande straumsystema i havet. Det er eit scenario som har vore debattert av klimaforskarar, men kan vi oppleve at filmen vil bli røyndom? Ved Bjerknessenteret trur dei ikkje det, men dei opplever stor interesse frå publikum no i samband med filmpremieren. Dei tilsette har også organisert ein eigen fellesutflukt til kveldens premiere.

– Vi merkar at media er interesserte. Ein av heltane i filmen er klimaforskar, og det skjer jo ikkje ofte i filmverda. Filmen utgjev seg for å kunne gje eit bilete av ein framtidig klimasituasjon, og vi har vore aktive i media den siste tida, i von om å kanskje få ut informasjon om at realitetane er litt mindre alarmerande enn vi får sjå i filmen, seier Jansen.

Han vedgår at eit redusert Golfstraumsystem er teoretisk mogleg på sikt, dersom havet i nordområda blir tilført meir ferskvatn når høgare temperaturar fører til meir nedbør og smelting av havis og innlandsis.

– Men verknadene av dette vil vere langt mindre dramatiske og kaotiske enn det filmen viser, seier Jansen.


Arkiv i innsjøar

I studiet av framtidige klimaendringar er rekonstruksjon av fortidsklimaet ein viktig del. Stipendiat Anne Bjune har nytta det arkivmaterialet som finst i innsjøsediment til å finne ut korleis klimaet har endra seg i våre område dei siste ti tusen åra.

– Ved hjelp av pollenanalysar og analysar av tilførsle av brevatn i innsjøsediment, har vi rekonstruert sommartemperaturar og oppsamla vinternedbør i perioden for 10.000 år attende og fram til i dag, fortalde ho i sin presentasjon.

Ho har mellom anna rekonstruert likevektslina for nokre norske isbrear. Resultata viser at om lag 8.000-4.000 år før vår tid, var isbreane smelta vekk. Då var det ein lang periode med varmt klima. Pollenanalysar viser at i denne perioden vart landskapet skogkledd. Tregrensa gjekk også mykje høgare enn i dag. Denne utviklinga snudde då ein fekk ei endring med lågare sommartemperaturar og meir nedbør, som gjorde at isbreane kunne vekse fram på nytt. Kunnskap om dei store trendane i fortidsklimaet er eit viktig bakteppe å ha med når ein skal identifisere menneskeskapte klimaendringar i vår eiga tid.

Av andre tema som vart presenterte på Bjerknesdagane, var mønster og ekstremar i vårflaumar på Austlandet, opptak av CO2 i havet og klimavariabilitet på høge breiddegrader. Dette siste skal også vere tema på konferansen ”Bjerknes Centenary 2004” som skal arrangerast til hausten, for å markere at det er hundre år sidan Vilhelm Bjerknes publiserte sin programartikkel som la grunnlaget for moderne vêrvarsling.

Powered by Labrador CMS