Fryktar ny konflikt i Syria

– Eg er redd for at ein snart vil få ei konflikt mellom beduinar og kurdarar i nord. Det er i dette området det er mest olje i Syria. Professor Shabo Talay er ikkje optimist når det gjeld framtida for Syria og nabolanda. Faren for etnisk reinsing er òg stor, meiner han.

70 prosent av syrarane er sunnimuslimar, mens langs kysten i vest er alawittane i fleirtal. Langs grensa mot Tyrkia i nord er kurdarar i fleirtal nokre stader, og innimellom finst det kristne, drusarar, ismailittar og andre minoritetar.

– Vi kan ikkje samanlikne det som skjer i Syria med Libya. Irak er eit meir parallelt døme, seier Talay, som sjølv kjem frå Tyrkia, like nord for grensa mot Syria.

Svigerforeldra hans bur i landet, og han er uroleg over utviklinga. Sjølv følgjer han konflikten frå HF-bygget, der han jobbar som professor i arabisk.

Konflikt i nord
– Grenseområdet i nord er prega av kurdiske PKK, og kurdarane er i fleirtal mange stader. Men dei sunnimuslimske beduinane vil truleg ikkje gi frå seg herredømet. Eg er redd for at ein snart får ei konflikt mellom desse to gruppene i nord, seier Talay.

Shabo Talay er professor i arabisk ved UiB, og kjenner Syria godt, mellom anna frå eiga forsking. Han slit med å sjå løysingar på konflikten, som og kan spreie seg i regionen. Foto: Dag Hellesund

Den pågående borgerkrigen er i hovudsak mellom bufaste sunniar vest i landet, og alawittar langs kysten. Dei mindre minoritetane har ikkje engasjert seg like mykje i konflikten.

– Eg er redd det kan bli etnisk reinsing noen stader i vest, som i området rundt Homs, seier Talay til På Høyden.

Ser inga løysing
– Til slutt kan det ende i ei inndeling av Syria. Om alawittane mistar makta vil dei prøve å få eit eiga område. Men Tyrkia vil kanskje ikkje tillate etableringa av alawittisk autonomi. Eg kan heller ikkje sjå noka politisk løysing på konflikten. Eg har kjensla av at Vesten heller ikkje vil ha ein politisk løysing, seier Talay.

Han åtvarer og Vesten mot å bli for einsidige i dekkinga av konflikten:

– Vi må hugse å innhente informasjon frå begge sider. Når det skjer ein massakre får vi berre høyre at 100 er drepne, og at regimet står bak. Men vi må stille spørsmål, og det finst bevis for at opposisjonen og står bak massakre.

– Eg trur ikkje slike stemmer snakkar for fleirtalet, men eg er redd det ikkje er liberale muslimar som kjem til makta. Dei kristne i Syria er svært redde, og fryktar at det same kan skje som skjedde i Irak. Der blei dei forfølgde, og mange flykta til Syria.

Mange av dei som no slåst mot regimet på grunn av religion, og mange i opprørshæren ser på seg sjølv som mujahedin, som kjempar jihad, ein heilag krig.

– Det er eit stort problem for Vesten. Kor blir det av våpna etterpå? spør Talay.

Problem for Israel
Han ser på borgarkrigen i landet som ei internasjonal konflikt, som kan få konsekvensar for nabolanda. Tyrkia kan merke auka press frå kurdarane om Syria blir delt, eller regionar og grupper får større autonomi. Libanon vil ikkje bli særleg påvirka, trur han.

– Vesten ser på konflikten i Syria som eit steg på vegen mot å løyse problemet med Iran. 

 

Fryktar ny konflikt i Syria

Drusararer ei folkegruppe i Libanon, Syria og Israel, som snakkar arabisk. Dei har ein religion med utspring i sjia-islam, men som er sterkt påverka av religiøse tradisjonar i området. Religionen inneheld og element frå kristendomen og gnostisisme. Det finst om lag 700 000 drusarar.

Alawittarer ei muslimsk sekt av sjiamuslimsk opphav. Alawi er ein særeigen religiøs retning som mellom anna inneber trua på gjenføding. Mange alawittar kjem frå området ved kystbyen Latakia, som er heimbyen til Al-Assad-familien.

Ismailittarer den nest største sjiaretningen, etter imamittane, som er dominerande i Iran. Isamilittane bur i hovudsak på det indiske subkontinentet, i Syria, Saudi-Arabia, Jemen, Kina, Tadsjikistan og Aust-Afrika.

Powered by Labrador CMS