Kina-ekspert og professor Stein Kuhnle trur forholda ligg til rette for meir akademisk samarbeid mellom Kina og Noreg etter at politisk kontakt no er gjenoppretta mellom dei to landa.

Håpar på meir samarbeid etter Kina-forsoning

Publisert

I går kom nyheita om at Noreg sitt forhold til Kina er normalisert. – Eg trur at det kan stimulera norsk-kinesisk samarbeid, både innan forsking og undervisning, seier professor Stein Kuhnle.

– Dette er svært gledeleg for Noreg. Det er viktig å ha politiske forbindelsar med verdas største land. Det er bra for det bilaterale forholdet, og eit godt bodskap til resten av verda, seier professor Stein Kuhnle.

Statsminister Erna Solberg kunngjorde frå Stortingets talarstol måndag at dei diplomatiske og politiske forbindelsane med Kina er gjenoppretta frå 19. desember.

Etter at Nobels fredpris blei tildelt den kinesiske demokrati- og menneskerettsforkjemparen Liu Xiabo i 2010 har ikkje Noreg hatt politisk kontakt med Kina.

Kan bidra til student-rekruttering

Professor i samanliknande politikk Stein Kuhnle har samarbeida med Fudan university i mange år. Han håpar interessa for Kina no kan ta seg endå meir opp innan akademia. 

– Eg trur at det kan stimulera norsk-kinesisk samarbeid, både innan forsking og undervisning. Eg trur fleire norske studentar kan få interesse for Kina, og ønska å reisa på utveksling. I Oslo har dei hatt litt problem med å rekruttera studentar til å studera kinesisk. Det kan blomstra opp att no.

– No vil det gå ut signal til alle offisielle institusjonar i Kina om at forholdet er normalisert. Alle dører vil bli opna lettare, også på toppnivå. Det betyr noko at me ikkje har hatt politiske forhold på plass. Det er begrensande for korleis ein har kunna tatt samarbeidet vidare, seier Kuhnle.

Les også: Kinesisk rettferdighet på dagsorden

Professoren har likevel klart å oppretthalda gode relasjonar i Kina dei siste seks åra.  

– Mitt forskingsfelt, velferdspolitikk, er ikkje blant det meste sensitive heller. Men eg høyrer om andre som hatt problem. Det har gått på vanskar med å få visum, og at personar på høgt nivå i Kina ikkje får reisa til Noreg. 

Diplomati på høgt nivå

– Det er ein forferdelig vanskeleg prosess å få til ei felles erklæring slik at alle kan godta den. Både at Noreg ikkje kan unnskylda det som skjedde med fredsprisen i si tid, samstundes som dei må respektera at Kina har sine interesser. Dette er diplomati på høgt nivå. 

– Snakkar med om ei reell forsoning her?

– Eg trur dette verkeleg er ein milepåle. Børge Brende er i Beijing saman med statsministeren i Kina, og nyheita er ute på kinesiske medier, formidla ut i Kina og til resten av verda. Dette er godt gjennomtenkt frå alle sider. Eg trur det vil bli lettare på alle nivå framover. Men det vil ta tid, det er eit spørsmål om å bygga opp att tillitsforholdet. Ein hadde gode forbindelsar før fredsprisutdelinga i 2010. Noreg var eit av dei første landa i vest som oppretta politiske forbindelsar med Kina på 50-talet, seier Kuhnle.

Gjensidig respekt

Ingen andre land har blitt straffa så lenge som det Noreg har, fortel Kuhnle.

– Alle land har fått problem viss dei har tatt i mot Dalai Lama, men då i kortare periodar. Det har både England og Tyskland fått oppleva. Men det har vore spesielt i dette tilfellet. No har det har gått lang tid, og Kina er stort og mektig nok til å svelga ein liten kamel. Poenget er at ein har blitt einige om ei felles erklæring, og at dei har gjensidig respekt for kvarande. Kina repsekterer at Noreg ikkje kan unnskylda ein pris som ein uavhengig komite har delt ut. Ein har funne ein vri som gjer at dei har kome i mål.

Han trur forsoninga vil stimulera til samarbeid på mange frontar.

– Innan næringslivet og sjømat, ikkje minst, vil ting gå lettare no. Eg trur også Kina er interessert i nordområda, og dei vil koma meir inn der og delta meir i samarbeid om klimaspørsmål og energispørsmål.

Les også: Møt “Kong Lykkeleg Stein” Kuhnle

Powered by Labrador CMS